Jubel på kaien for gratis hurtigbåt: – Veldig bra
Meldinga om gratis hurtigbåt og buss for innbyggjarar i Stavanger kommune blir tatt godt imot på Judaberg.
Øyposten er nede på hurtigbåtkaien på Judaberg kort tid etter at Stavanger-ordførar Kari Nessa Nordtun måndag formiddag har sendt ut pressemelding om at det frå 1. juli blir gratis å reise med all kollektivtrafikk i Stavanger for innbyggjarar som er folkeregistrert i kommunen.
– Høyrest veldig bra ut, seier Anne Irene Sande.
Ho er på veg ut til familien på Sjernarøy. Sjølv bur ho i Lyngdal, der ho er lærling i hotellfag. Ho får difor ikkje sjølv så stor nytte av ordninga, men ho kjenner mange som får det.
Fleire som sit og ventar på hurtigbåten har fått med seg nyheiten på nett og gir tommelen opp.
Dyre billettar
Ein av dei politiske arkitektane er Birger Wikre Hetland (Sp), som er leiar i Finnøy kommunedelsutvalg, sit i kommunestyret i Stavanger og bur på Sjernarøy.
– Ein tur med hurtigbåten frå Sjernarøy til Stavanger kostar 162 kroner. Då er det mange som kviar seg for å reise kollektivt, seier Hetland.
Pendlarane vil nå spare 555 kroner i månaden, som er dagens pris for så kalla JobbHjemJobb-billett for Nord-Jæren.
Hetland er på veg til kommunestyremøte i Stavanger måndag ettermiddag. Då køyrer han bil sidan kommunestyremøtet sluttar akkurat i det siste hurtigbåt frå Fiskepiren til Helgøy har reist.
Kva det vil koste å gjere hurtigbåten gratis, kan han ikkje svare nøyaktig på.
– I møtet i kveld vil me be kommunedirektøren finne den eksakte prisen. Svaret får me seinare, men me er uansett einige om å gjennomføre dette, seier Hetland.
Går godt
I pressemeldinga står det at partia har gjort overslag som viser at Stavanger kommunes innbyggjarar skal betale 200 millionar kroner i billettinntekter til Kolumbus i år for buss, tog og båt. Fleirtalspartia er einige om å setje av pengar ut året og i budsjettet for neste år. Kva som faktisk blir ordninga neste år er det opp til det nye fleirtalet etter haustens kommuneval å avgjere.
Hetland seier mange skal ha æra for den historiske semja om gratis kollektivtransport.
– Her har det vore mange kokkar. Alle fleirtalspartia stiller seg bak dette, seier han.
Det politiske fleirtalet vil sei Arbeidarpartiet, Folkets parti FNB, Rødt, MDG, SV og Senterpartiet.
– Stavanger kommune går godt. Me har låg arbeidsløyse og god skatteinngang. Lyse AS, der Stavanger kommune er største aksjonær, går godt. Oppdrettsnæringa går godt og oljenæringa går godt, seier Hetland.