Joakim Wiborg må ta seg av faren som har vore i ei bilulukke. Derfor må kaféen halde stengt denne veka. Foto: Sigbjørn Høidalen

Kaféen har vore drive av Wiborg og kona Eppril dei siste to åra.

– Me prøver og opne att om ei veke, men lyt ta dag for dag og sjå, seier Wiborg til Øyposten måndag formiddag.

– Nett no er me i Oslo hjå pappa. Ulukka hendte i Vinje, og han blei sendt til Ullevål sjukehus. Me må prøve å kombinere jobb og sjukehus, så det blir i vanskeleg tid framover.

Wiborg fortel vidare at han kjem til å oppdatere facebooksida som heiter «Kaféen på innbyggartorget Judaberg» med informasjon om opningstider når dei finn moglegheiter til å opne kaféen att.

– Det kan bli behov å reise litt att og fram til pappa, så me kan ikkje gi noko svar på korleis me held opent framover. Det håpar me at kundane har forståing for, legg Wiborg til.

Øyposten sender familien gode tankar, og håper at far til Joakim snart er på beina att.