Styreleiar Arne Bergøy i Tomatfestivalen SA og dagleg leiar Even Isachsen i Mango AS då dei i haust presenterte avtalen for Tomatfestivalen 2024. Foto: Sigbjørn Høidalen

Mango AS var i fjor hyra inn av Tomatfestivalen SA for å arrangere tomatfestivalen på Finnøy. I haust blei det gjort ny avtale om at selskapet òg skulle ha ei sentral rolle i Tomatfestivalen 2024.

Fredag blei det i Sør-Rogaland tingrett opna konkurs i buet til Mango AS, etter at selskapet sjølv melde oppbod.

– Dei har bygd opp eit underskot i drifta og hadde ei samla gjeld på drygt ni millionar kroner, seier bustyrar Fredrik Bie.

Han fekk meldinga fredag ettermiddag og har bare hatt eit innleiande møte med dagleg leiar. Han vil ha ein betre oversikt måndag, fortel han.

Selskapet har hatt kontor i Skansegata i Stavanger.

Første skiftesamling er 26. april. Frist for å melde inn krav er 18. mars, går det fram av kunngjeringa frå Brønnøysundregistera.