Stavanger kommune har måndag 15. januar innført den lenge varsla auka skotpremien på mink i øyane.

Godkjende jegerar frå Stavanger kan nå få 1000 kroner i premie for kvar mink felt i Finnøy eller Rennesøy kommunedelar.

– Ordninga har ei øvre ramme på 300.000 kroner. Skotpremien avsluttast når ramma er nådd, melder kommunen på nettet.

Skotpremien på mink har tidlegare vore 100 kroner.

Minken skal leverast til driftsstasjonen Hausken, det vil sei gjenvinningsstasjonen i Hauskeveien 99 på Rennesøy, går det fram.

– Minken skal vere frosen, heil og identifiserbar. Kvar mink pakkast enkeltvis i ein gjennomsiktig pose. Ring driftsstasjonen og avtal tid for levering, skriv kommunen.

Kontaktperson på Hausken er Eirik Solbakken Christophersen, som kan ringast på telefon 97971080 mellom klokka 10 og 14.

Kart som viser Rennesøy gjenvinningsstasjon i Hauskeveien 99: