Røykutvikling i ubåt ved Finnøy

Torsdag kveld fekk Hovedredningssentralen melding om røykutvikling på ubåten KNM Utstein aust for Finnøy.

Publisert:

Hovedredningssentralen informerer i ei pressemelding om at båten fekk støtte frå naudetatane, ambulansebåt og kystvaktskipet Tor.

Tre personar blei sendt til legevakt etter å ha fått i seg røyk. Ubåten greidde å segle til land for eiga maskin, eskortert av MV Tor, skreiv Forsvaret i ein pressemelding natt til torsdag.

Forsvaret sin talsperson fortel fredag til Øyposten at det ikkje er noko nytt å melde i saka.

Forsvaret vil ikkje informere om nøyaktig kor ubåten fekk problemer.

Kart som visar farevatnet aust for Finnøy:

Publisert: