Yngre krefter overtek arbeidet med Øyfast
Representantar frå grendelaga skal utarbeida alternative løysingar og legga dei fram for politikarane.
FINNØY: Det blei bestemt på eit møte på Innbyggartorget i går. Lokalpolitikar Henrik Halleland og representantar frå grendelaga var samla for å høyra tidlegare sjefingeniør i Statens vegvesen, Bjørn Alsaker og Leif Lindefjell, greia ut om ulike alternativ for realisering av Øyfast.
Fellesforumet gjenoppstår
Sissel Marie Bjerga frå kommunedelsutvalet i Finnøy opplyste om at Øyfast-traseen er bandlagt i fire nye år.
– Det er ein av grunnane til at det er viktig å jobba vidare med Øyfast, og me må finna ut kven som skal gjera jobben, seier Bjerga.
Representantane frå grendelaga blei einige om å ta opp att Fellesforumet og ha to representatnatar frå kvar øy i forumet som skal jobba fram gode alternativ og legga fram for politikartorget i Stavanger.
Det blei tidleg slått fast at beste måte å gå vidare med prosjektet er å jobba fram alternative løysingar som er billegare og enklare å realisera enn det som ligg inne i kommuneplanen no. Det var brei semje om at eit «fullskala» alternativ til seks milliardar kroner er langt vanskelegare å få politikarane med på.
– Det vil bli svært viktig å engasjera og mobilisera dei ulike brukargruppene framover slik som næringsliv, pendlarar, hyttefolk og fastbuande. Me vil legga opp til meir informasjon, folkemøter og direkte kontakt, seier Ole klingsheim.
Ingen får alt
– I dag kostar det rundt 250 000 kroner per dag å drifta ferjene i Finnøysambandet. I ein periode på 40 −45 år utgjer dette om lag 5–6 milliardar kroner i ferjeavløysingsmidlar. Med eit alternativt Øyfast til 2,5 milliardar kroner vil utbygginga gå i pluss, seier Alsaker.
I dei alternative løysingane inngår både kabelferje, Ryfylkeferja, bruer og tunnelar i ulike kombinasjonar.
– Skal me lykkast med Øyfast må det bli til eit langt billegare alternativ. Men det må heller ikkje bli slik at nokon får eit dårlegare alternativ enn i dag. Me må og innsjå at nokon vil få det mykje betre, medan andre berre litt betre, seier Jon Olav Runestad.