Ny framdrift for kunstgrasbanen i Vikevåg

Eit nytt mål er at den nye kunstgrasbanen i Vikevåg skal vere speleklar frå 10. oktober.

Vytautas Vaitilhvicius i Garda monterer ballnett kring banen i Vikevåg.
Publisert: Publisert:

– I morgon skal me ha montert ferdig ballnettet her, seier Vytautas Vaitilhvicius i gjerdefirmaet Garda då Øyposten var innom baneanlegget i Vikevåg måndag ettermiddag denne veka.

Arbeidet med å legge nytt kunstgrasdekke har blitt ein månad forsinka. Det har ført til frustrasjon hos dei mange som spelar fotball i Rennesøy, men nå er det i alle fall laga ein oppdatert framdriftsplan.

Om ein månad

– Onsdag denne veka startar arbeidet med å legge eit støtdempingslag. Det skal vere ferdig fredag 22. september, fortel idrettsrådgivar Jan Ove Ringstad i Stavanger kommune:

– Laurdag 23. september startar me å legge sjølve kunstgraset, og det skal vere ferdig 5. oktober. Etter det er det nokre dagar med finpussing og avsluttande arbeider.

Råvarene til ny kunstgrasbane står klar på sidelina.

Viss vêret held seg skal den nye banen kunne vere speleklar frå tysdag 10. oktober.

– Grunnen til utsettinga er at det var vanskeleg å få opp eit arbeidslag frå Tyskland til å legge støtdempingslaget. Nå ser det ut til å ordne seg, seier Ringstad.

Kommunen er byggherre. Grunn-Service AS er hovudentreprenør medan Laiderz er ein underleverandør.

Skrikande mangel

Dei i Vikevåg som vil spele fotball må inntil vidare køyre til Mosterøy.

– Me har ein enorm aktivitet i fotballklubben, så utsettinga gir oss nokre logistikkutfordringar, seier sportsleg leiar Christer Corneliussen i Rennesøy Fotballklubb.

– Eg køyrer til Mosterøy seks dagar i veka nå, legg han til.

Mosterøy stadion manglar lys, så hadde det vore seinare på hausten, hadde det blitt endå vanskelegare.

– Me ser veldig klart at Rennesøy kommunedel har skrikande behov for fleire fotballbanar, seier Corneliussen:

– I Vikevåg er me trass alt privilegerte som snart får ein ny bane med heilt nytt dekke. Me får glede oss til det.

Kart som viser kunstgrasbanen i Vikevåg:

Publisert: