Fleire enn i fjor ville sjekka sykkelen: -Kjempebra tilbud

Rundt 30 syklar var innom for sjekk då Spinn Sykkelshop på oppdrag frå kommunen tilbaud gratis sjekk av sykkelen på Finnøy tysdag kveld.

Oliver Bolme smørjer og sjekkar at denne sykkelen er ok.
Publisert: Publisert:

FINNØY: -Det er eit flott tilbud kommunen stiller med her. Proffe folk sjekkar sykkelen heilt gratis, det er kjempebra, seier Hege Kleiberg Mjølsnes til Øyposten.

Ho og mannen Roald Mjølsnes var innom med kvar sin sykkel til sjekk på den omreisande verkstaden som hadde rigga seg til ved skulen på Finnøy.

-I tillegg til å smørja sykkelen og justera gir og bremser, har me også fått med ein lapp med oversikt over kva anna som bør fiksast. Det er er jo bra å vita, legg Kleiberg Mjølsnes til.

Gabriel Muscan er fornøyd med besøket til sykkelverkstaden på Finnøy tysdag kveld.

Mannen syklar kvar dag til jobben som lærar på Finnøy skule, men dei er også ivrige til å bruka sykkelen på fritida. For eksempel syklar dei gjerne rundt øya og har også vore på sykkeltur i Suldal.

Sykkelreperatørane Oliver Bolme og Gabriel Muscan er fornøyd med besøket.

-Det kom fleire enn i fjor, rundt 30 syklar. Men så var været mykje betre i år enn året før, seier dei.

-Eit flott tilbud, meiner Hege Kleiberg Mjølsnes, som saman med mannen Roald var innom sykkelverkstaden på skulen på Finnøy.