Rennesøybuen klarte ikkje mobilisera nok til å få turbenk

Heller ikkje denne gong rakk Rennesøy Rennesøy opp i «kampen» om å få ein av tre kommunale benker.

Denne benken blir ikkje å sjå i Rennesøy dette året heller.
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:

RENNESØY: For to år sidan var Finnøy heldig og fekk benk som står ved badeplassen Skyljarvik på Kyrkjøy i Sjernarøyane.

Tanken den gong var at det skulle plasserast èin benk i Finnøy, èin i Rennesøy og èin i Stavanger.

Rennesøybuen var ikkje ivrige nok i Facebook-kampanjen, dessutan gjekk dei fleste innspela på kaien i Vikevåg, men der er det alt benker. I tillegg var ein del av dei foreslåtte plassane på privat grunn.

Nye muligheter

I forbindelse med den årlege Mobilitetsveka som pågår i desse dagar, har kommunen på ny invitert innbyggarane til å komma med forslag om kor det bør setjast ut tre nye benker i år.

Ei trøyst er at alle forslaga som kjem inn blir vurdert og tatt med når neste utplassering av benker skal avgjerast.

I år var det Tasta, Stavanger ved Hafrsfjordbrua og Varden på Storhaug som fekk turbenk.