Gratis ferje: Daniel spanderte kake på alle

Pensjonert handelsmann Daniel Nedrebø spanderte ei diger bløtkake på passasjerar og mannskap i anledning at det frå onsdag av blei gratis ferje.

-Dette er vel verd ei kake, seier Daniel Nedrebø om at det nå er blitt gratis i Finnøysambandet.
Publisert: Publisert:
Klar melding i billettkontoret.

FINNØY: Kaka var dekorert med påskrifta «Øyfast neste».

-Eg har kjempa heile livet mitt for betre samferdsel, dette er eit skritt på vegen, sa Nedrebø, då han inviterte til kake i salongen på ferja «Hidle».

Nedrebø har god tru på at Øyfast, fastlandsforbindelsen til øyane i Finnøy, skal bli realisert.

-Då skal me ha ei dobbelt så stor kake, seier han.

Kaka som Daniel Nedrebø spanderte hadde ei helsing til vegen vidare.

Nedrebø meiner det er rettferdig at ferja nå blir gratis, og trur det vil ha ein positiv betydning for øysamfunna utan fast vegforbindelse.

-Bare Rennesøy Trafikk vil spara 1,2 millionar kroner i året, seier Nedrebø.

Transportbedrifta på Mosterøy har nemleg 900 trailarar årleg til slakteriet på Helgøy med plastkassar. I tillegg sender slakteriet ut 2900 trailarar i året med laks.

-Det kostar 697 kroner kvar veg, så det er betydeleg beløp å spara, meiner sjernarøybuen.

-Flott, og på tide, meiner Erlend Halsne om gratis ferje.

Øyposten var også med på ferja til Halsnøy siste dagen med billettering.

Der var det også god stemning for at ferja nå skulle bli gratis.

-Det skulle bare mangla, andre slepp å betala for vegen dei køyrer på, og den stengjer heller ikkje annankvar time, seier Erlend Halsne, som synes gratis ferje er kjempebra.

Ragnhild Hartvedt: -Kan me tru på dette nå, undrar ho.

Han får støtte av sambygding Ragnhild Hartvedt.

-Det er på tide, meiner også ho.

Leif Inge Eike og Edvin Halsne håpar dette kan gjera det lettare å få Øyfast.

-Nå vil reknestykket koma tydeleg fram, og ferjeanbuda blir bare dyrare og dyrare, meiner dei.