Langtidsvarselet frå Meteorologisk institutt går nå fram til fredag 17. mai, og for Ryfylkeøyane ser det slett ikkje gale ut.

Langtidsvarsel her ute i øyane skal me ta med ei klype salt, har me lært, men me ser ut til å vera inne i ein rimeleg stabil periode med vindstille opphaldsvær. Torsdag 9. mai skal det koma litt regn, men så skal det bli opphaldsvær att med vekslande skydekke og delvis sol heilt fram til 17. mai.

På nasjonaldagen melder dei overskya opphaldsvær, 16 varmegrader og svak vind; med andre ord supert til å spasera rundt i bunad.

Øyposten minner om at me gjerne vil ha inn alle mulige 17.-program for Finnøy og Rennesøy til neste papiravis, som kjem ut torsdag 16. mai. Me har allereie fått inn fire program. Me publiserer desse utan at det kostar noko for arrangørane.

Sjå nettsida for 17. mai-program i øyane

Frå sjølve dagen vil me gjerne ha bilder frå ulike kantar, sidan me strevar med å rekka over dei mange øyane. Send til bladstova@oyposten.no.

Værvarsel for Vikevåg dei neste dagane fram til 17. mai. Foto: Yr.no