Dag Mossige (ap), Sara Nustad Mauland (Rødt) og Leif Høybakk (fnb) vil gi gratis trygghetsalarm til alle eldre.

STAVANGER: Ifølge fungerande varaordførar Dag Mossige (ap) er dette eit ledd i fleirtalspartia sin politikk for å skapa ei god eldreomsorg.,

-Eldre skal ikkje lura på om dei har råd til å føla seg trygge heime. Nå vil me gjera trygghetrsalarmen gratis, seier Mossige til Øyposten.

Tiltaket blei lansert  i ei pressesamling på Tasta sjukeheim fredag, i kompaniskap med Rødt og Folkets Parti.

Trygghetsalarm kostar rundt 1700 kroner, pluss årsavgift som varierer etter inntekt. Personar med inntekt over 319.000 kroner betaler 674 kroner, og dei to neste trinna er på 358 kroner og 215 kroner for dei som har lågast inntekt.

For kommunen vil det kosta åtte millionar kroner i året å dekka utgiftene til dei som har trygghetsalarm i dag. Men når tilbudet blir gratis reknar Mossige med at fleire vil nytta seg av det. Då kan rekninga koma opp i 10 millionar kroner.

-Men det får kosta kva det vil, dette er ein del av vår visjon for å trygga felleskapen, seier Dag Mossige.

Sara Nustad Mauland, gruppeleiar for Rødt, trur tiltaket på sikt kan lønna seg for kommunen.

-Det gjer at fleire kan bu heime, fordi eldre får hjelpemiddel til å klara seg sjølv, seier Nustad Mauland, som legg til at ho sjølv har ei mor som blei råda til å prøva andre hjelpemiddel først, fordi trygghetsalarm var for dyrt.

-Eldre skal ikkje behøva å snu på kvar krone for å kjenna seg trygge, føyer Leif Høybakk i Folkets parti til.