Denne lettbåten skal døypast på Fogn 17.mai.

FOGN

: 4. juli 1825 la emigrantskipet "Restauration" ut frå Stavanger med kurs for New York. Med på ferda var det nygifte kvekar-orienterte paret Martha og Lars Larson i Geilane.  Under overfarten fødde Martha det første barnet sitt, og gav jenta namnet Margaret Allen.,

Martha vaks opp på garden Nedre Eide på Fogn. Ei gruppe fognbuar med grunneigarane Bothild og Sigurd Vågane i spissen, fekk i 2017 reist henne eit minnesmerke sentralt i det gamle tunet på Eide. 17. mai kvart år seinare er det til minne om Martha, lagt krans ved bautsateinen. I år er det klokkaren i Mosterøy Sokn, og ivrig medlem i Venneforeningen Restauration, Ivar Hodnefjell, som skal stå for nedlegging av kransen.

Saman med dette blir det også «skipsdåp» på Eide komande 17. mai. Eigaren av "Restauration", Cato Østerhus, har ved Trebåtbyggeriet på Finnøy fått bygd ein jolle til skipet. Nærast i eins ærend kjem Kirk Mies, visepresident i Sloopers Society, frå USA til Eide for å døypa lettbåten til namnet «Margaret Allen» Eit filmteam som byggjer seg opp til 200 års merkeringa i 2025 er også med og skal gjera opptak.

Tidspunktet for dette vil bli gjort kjend så snart dei langvegsfarande får lagt reiseruta si.