Halvparten av politikarane frå øyane trekkjer seg

Halvparten av politikarane frå Rennesøy og Finnøy gir seg etter ein periode i Stavanger kommunestyre.

Det tynnast på øy-benken i Stavanger kommunestyre. Frå venstre Tor Bernhard Harestad(frp), , Frank-Arild Normanseth (h), Sølvi Ona Gjul (ap), Elin Schanche (h), Dagny Sunnanå Hausken (sp), Henrik Halleland (krf), Nils Petter Flesjå (h), Ottar Sandanger (ap), Birger W. Hetland (sp) og Snorre Solheim Sokn (rødt). Så langt er det klart at Sandanger, Ona Gjul, Normanseth, Solheim Sokn og Flesjå gir seg.
  • Rune Nedrebø
Publisert:

FINNØY-RENNESØY: Tidlegare har Sølvi Ona Gjul (ap) frå Rennesøy og Ottar Sandanger (ap) frå Finnøy kommunedel sagt nei til gjenvalg.

Nå gir også Nils Petter Flesjå (h) frå Finnøy og Frank-Arild Nordmanseth (h) frå Rennesøy seg etter ein periode i kommunestyret i Nye Stavanger. I tillegg takkar Snorre Solheim Sokn (Rødt) frå Rennesøy nei til gjenvalg.

Høyres Elin Schanche har foreløpig ikkje bestemt seg når det gjeld å stå på lista til Stavanger kommunestyre, sjølv om fristen eigentleg gjekk ut 1. juni.

Derimot har ho takka nei til gjenvalg til fylket.

Den markante Frp-politikarane Tor Bernhard Harestad har takka ja til å stå på både kommune- og fylkestingslista.

-Eg har fått utruleg mange oppfordringar, og har difor bestemt meg for å ta ein periode til viss partiet vil, seier Harestad til Øyposten. Også Snorre Solheim Sokn frå Rennesøy og partiet Rødt takkar for seg etter ein periode i Stavanger kommunestyre. -Eg tar ikkje gjenvalg for eg studerer i Trondheim nå, skriv han i ei melding til Øyposten.

  1. Politikk