I desse dager er det mange store offentlege organisasjoner som jobbar med tverrpolitiske tiltak for å møte krisa som vi står midt i.,

Vi som er politikarar i Stavanger må koma opp med tiltak som gir hjelp til næringsliv og arbeidsplassar, og likviditet er eit sentralt tema. Utbetaling av løn blir fort krevjande når inntektene sviktar. Dei fleste små og mellomstore bedrifter tåler ikkje dette veldig lenge. Permitteringsreglar kan hjelpe ei stund, men i det lengre løp er dette ikkje nok.

Også dei kommunale avgifter ligg til forfall i desse dager. Ei utsetjing av desse vil vere til stor hjelp for mange slik vi ser det.

Jordbruket vil i løpet av våren få store utfordringar dersom dei ikkje får hjelp. Mangel på sesongarbeidere kan få store negative konsekvensar. Stavanger er ein av Norges største jordbrukskommunar, og også her må det tiltak på plass raskt. Ein annan sektor som blir ramma er reiselivet. Det er på denne tida av året dei legg grunnlaget for inntekter som kjem resten av året. Hvis vi ikkje gjer tiltak, kan det bli dramatisk for denne bransjen også.

Dette er bare nokre få grep som eg trur at alle parti kan støtta, og dette kan vi drøfta saman.

Dei ulike politiske parti i kommunen har mykje kunnskap innan dei fleste sektorar der kommunen har oppgåver, og denne ressursen bør takast i bruk.

Stavanger KrF meiner det er avgjerande viktig at det politiske miljøet nå raskt kjem opp med ein tiltakspakke som er tverrpolitisk fundamentert.  Det er no det gjeld å ha ein samla bodskap som trygger næringsliv og arbeidsplassar.

Ombudsrollen er viktig for oss lokalpolitikarar. Dei tradisjonelle kanalane med spørsmål og interpellasjonen i politiske møter har fristar som gjer at det fungerer dårleg i krisesituasjoner. Det er derfor viktig at det blir lagt til rette for møteplassar,  dette kan ein ta  i desse samtalene.

Direktøren orienterte formannskapet om moglege auka utgifter og reduserte inntekter i størrelsesorden 500 millionar. Dette er tap på 5 prosent av kommunens inntekter/utgifter. Skal ein klara å landa dette dei neste 9 månadane som gjenstår av budsjettåret må vi handla nå.

Stavanger KrF er klare til samarbeid i ein krevande tid.

Henrik Halleland

Gruppeleder Stavanger KrF