Høgretopp ber ordføraren bruka sommarfullmakta til å stoppe dagbøter
Den omdiskuterte saka, om det som Fylkesmannen meiner er eit ikkje lovleg oppført naust i strandsona hjå den 81 år gamle bonden Jan Bokn på Bokn i Fisterøyane, og varsel om dagbøter på 1000 Kr , er no påklaga.No ber også kommunalråd John Peter Hernes frå Høgre, om at ordførar Kari Nessa Nordtun brukar si utvida sommarfullmakt til å stoppa varselet om dagbøter.
- Jon Asgaut Flesjå
Det fører truleg til at saka kjem opp til ny behandling i Utvalg for by og samfunnsutvikling i Stavanger kommune.,Denne klagen kan tidlegast bli behandla i møte den 20.august.,
No ber Høgre sin gruppeleiar og kommunalråd for partiet Høyre, John Peter Hernes , også ordførar Kari Nessa Nordtun om å bruka si sommarfullmakt som ordførar til å stanse ei slik bøtelegging fram til saka er behandla i Utvalg for by og samfunnsutvikling.
,Saka har som kjent ført til sterke reaksjonar, også i det lokalpolitiske miljøet. Og i fylgje regionsavisa Stavanger Aftenblad har heller ikkje representantar for Fylkesmannen eller saksbehandlar vore på befaring på staden. Dette, trass i at saka har vore oppe til behandling fleire gonger hjå den same Fylkesmannen.