Her frå førre julemarknad.

MOSTERØY:

Utstein Klostergard inviterer også i år, til julemarknad på Utstein. Her vil det koma over 20 spanande produsentar, og mange av deira eigne leverandører og samarbeidspartnere.,

– Velkommen til historiske Utstein, seier Inger Lise Aarrestad Rettedal.

Ysteri, juletre, og honning

Nokre av dei som skal ha «stands» er:

Ryfylkekokken, Stavanger Ysteri, Rennesøy juletregård og Krans & møje kos, Hanasand honning, Bondens Marknad: Fjord og fjell, Alexandra Gjedrem, Veen gardsmat, Smed Kristiansen, Litlestøl, King Mikals laks, Gydas jordepler, Nortura proff, Poesilje, Svindal gard, Voll Ysteri, Rossavik, Anu Allikas, Mastra sjøspeiderne, Små øyeblikk, Topp sopp, Kransedilla, Ur Nessa, Midsummer, Austrått Kaffebrenneri, Klosterlam, Klosterhonning.

Nokre av desse er berre der èin av dagane, men dei fleste er til stades begge dagane.

Det vil også vera opet i gardsutsalet til Klostergarden, som er lokalisert i sjøhuset like nedanfor klosteret.

– Her finn du unike produkt frå Utstein Gard og andre produsenter i matregionen. Lokal mat og drikke, samt unike håndverksprodukt og kunst. Over 80 prosent av produktene i gardsutsalet er innkjøpt frå Rogaland, fortel Aarrestad Rettedal.

Marknaden er på laurdag og søndag denne helga, 27. og 28. november, og det er gratis å koma inn.

Adventskonsert

Det blir også julekonsert med Astrid og Milani i Utstein kloster, arrangert av Museum Stavanger, i tillegg er det mulig å få ei omvisning i klosteret på to forskjellige tidspunkt på lørdagen. Utstein Pilegrimsgard steller i stand førjulskonsert med Ingfrid S. Råheim og Kristian Lie Bjelland i klosterkirka på søndagen.

Det vil også vera nokre stands på Finnasand på søndagen, her er det Utstein Kloster Hotell som arrangerer, og der kan du blant anna finna Galleri Utstein og produsenten av Rennesøydrakta.

Det kan for øvrig også nemnas at 4H har julemesse i Mastrahallen på laurdag.