Det har vore kraftig auke i pipebrannar dei siste åra.

FINNØY-RENNESØY:

-Me begynner på øyane utan fastlandsforbindelse, og held fram på Finnøy og Rennesøy og vidare mot byen, opplyser Knut Erik Nøttaasen, seksjonsleiear i Rogaland Brann og Redning til Øypostren.,

Det har vore fleire spørsmål knytta til feiing av piper i øyane. Før blei alle piper feia regelmessig, men det er det slutt på.

-Det kom ny forskrift i 2016, og nå jobbar me ut frå "risikobasert tilsyn". Det vil seia at me plukkar ut hus og hytter mellom anna etter alder på bygningen, alder på bebuarar, type skorstein og eldstad. Bygningar med brannrisiko blir prioritert, og under tilsynet blir det også gitt råd om rett fyring og brannvarslarar.

Me varslar eigarane om tilsyn på sms, og bed om tilbakemelding innan 48 timar. Det er bare dei som har gitt tilbakemelding som får tilsyn, opplyser Nøttaasen.

Han legg til at responsen frå publikum ikkje har vore så stor som ønskt, på sms'ane som er sendt ut.

-Det kan nok skuldast fleire forhold. Før fekk dei varsling i postkassa, nå skjer det med sms. Det er ikkje alle som har mobiltelefon, eller har vanskar med å lesa sms. Desse jobbar me å koma i kontakt med på ein annan måte, seier Knut Erik Nøttaasen, som oppfordrar folk til å melda tilbake slik at brannsikkerheten i hus og hytter blir best mulig ivareteken.