Skroget til ferja "Ryfylke" er ferdig frå verftet i Tyrkia.|"Ryfylke" skal avløysa "Rygerfjel", og skal mellom anna trafikkera fisterøyane, Brimse og Østhusvik.|"Ryfylke" skal avløysa "Rygerfjell" som i dag går i ruta.

STAVANGER:

MF "Ombo" forlet verftet i Tyrkia for eigen maskin fredag, og passerte tysdag sørspissen i Hellas på veg mot Malta. Ferja skal deretter setja kursen mot Gibraltar, og, avhengig av vêret, gå vidare derifrå til verftet i Ølen for dei siste førebuingar før ho blir sett i trafikk. Når det kan skje er likevel uvisst, men truleg ein gong i løpet av våren. Skipper ombord i "Ombo" er den same som førte MF "Hidle" trygt heim frå Middelhavet, Helge Lunden frå Finnøy.,

Også ferja "Ryfylke" er ferdig frå det same verftet, og skal fraktast heim på lekter til verftet i Ølen, kor innreiinga skal gjerast ferdig. Ferja skal bli heilelektrisk, og skal avløysa Rødne-ferja MF "Rygerfjell" som nå går i ruta. Etter planen skal det skje til sommaren.

Då vil dei reisande i Ryfylke få tre splitter nye ferjer å reisa med, "Ombo", "Hidle" og "Ryfylke". Ferja "Hidle", som er prikk lik MF "Ombo" blei sett i rute laurdag formiddag.

"Ryfylke" skal avløysa "Rygerfjell" som i dag går i ruta. Foto: FOTO: Rune Nedrebø
"Ryfylke" skal avløysa "Rygerfjel", og skal mellom anna trafikkera fisterøyane, Brimse og Østhusvik. Foto: FOTO: Norled