Mats Danielsen (frp) hadde heile 61 forslag til endringar i kommuneplanen, men nesten ingen nådde opp.

STAVANGER:

Stavanger-politikarane har også tidlegare sagt ja til at Anna Lauvsnes får dela frå huset ho bur i på garden på Lauvsnes. Men statsforvaltaren i Rogaland påklaga vedtaket, som var oppe til ny behandling i kommunen sist veke.,

Det enda med at eit knapt fleirtal for å seia ja til frådeling, kor Høyre, Frp og Fnb utgjorde fleirtalet, mens Ap, Venstre, Mdg og Rødt røysta mot.

Ottar Sandanger er endå meir overbevist nå enn sist om at det er rett å seia nei til frådeling. Foto: FOTO: Oddbjørg M. Måland

Blant dei som hadde ordet i debatten var Ottar Sandanger (Ap), som viste til at både landbruksmyndigheter og statsforvaltar rådde frå ei frådeling.

-Eg er endå meir sikker i mi sak nå enn då me først behandla saka. Det er uheldig med fritt omsettelege eigedommar i landbruksområde, spesielt i eit kjerneområde for landbruk som dette er, meinte Sandanger, som fekk støtte frå Venstres Kjartan Alexander Lunde.

-Det er viktig å ta vare på landbruket og matjorda, ei frådeling vil auka presset på landbruket, meinte han.

Frps Mats Danielsen fann grunn til å spørja nærare om Ap sitt standpunkt i saka.

-Utvalet har fått eit brev underskrive leiar og nestleiar i kommunedelsutvalet, Birger W. Hetland og Jon Olav Runestad. Runestad er fortsatt medlem av Ap, så kvifor lyttar ikkje Ap til partiet sin eigen nestleiar i kommunedelsutvalet. Eg hadde venta å få høyra andre signal frå Ap i lys av brevet, sa Danielsen

Sandanger svara med at brevet ikkje var behandla i kommunedelsutvalet, og at det fekk stå for dei to underskrivarane si personlege rekning.