Ryfylkekokken, representert med ekteparet Frode og Chatrine Selvåg, har møtt ein del utfordringar under oppstarten av cafè- og restaurantdrifta på det nye innbyggjartorget.

FINNØY:

-Me har aldri bede om noko skjenkeløyve, og har heller ingen planar om å gjera det i den næraste framtid, slår Ryfylkekokken, representert ved ekteparet Frode og Cathrine Selvaag, fast. Dei er både skuffa og leie seg over dei oppslaga som har kome fram i Øyposten, som kan tolkast som om det frå deira side er ein søknad om sjenkeløyve inne og også eit ønskje om dette.,- Dette er eit utspel som er kome frå leiaren av kommunedelutvalet i Finnøy, Birger Hetland (Sp), Han har stilt eit spørsmål til kommunedirektøren om moglegheita for om dette kan gjennomførast. Det er det ikkje me som har teke initiativ til, og det var heller ikkje inne i bilete i våre samtalar med kommunen då me fekk tildelt oppdraget og kontrakten, poengterer Frode.,

Misforstått

Også varaordførar Dany Sunnanå Hausken viste i sitt spørsmål til kommunedirektøren at Ryfylkekokken har signalisert ønske om å skjenka.

-Dette er eit tilbod for alle på dagtid, og då er det heller ikkje noko ønske frå vår side å skjenka øl og vin. Det passar på ingen måte inn i dette konseptet, poengterer Frode Selvaag.

,- Me er difor svært leie for at dette er kome ut på denne måten, og at me også skal få eit stempel på oss om at me held "Michelin-prisar" på maten vår. Tvert om så ønskjer me å gi eit lågterskeltilbod, og yta skikkeleg service ved å tilby kvalitetsmat til eit prisnivå som burde vera overkommeleg for dei fleste. Det har me også fått gode tilbakemeldingar om at me gir, legg Cathrine til.

-Diverre har det også oppstått ei misforståing, slik me tolkar det, i forhold til kva som er tillate og ikkje tillate å ta med seg inn i cafèen. Også det med bakgrunn i eit oppslag i Øyposten om at barnehageborn som åt eigen niste inne på cafèen skulle ha blitt "kasta ut". - Dei blei på ingen måte" kasta ut", men fekk lov til å sitja i påvente av at dei skulle ta ferja.

Derimot blei dei på ein høfleg måte, slik me oppfatta det, gjort merksame på at det for ettertida ikkje var greitt at dei sette seg til å eta si eiga niste inne på cafèen. Det er vanleg kutyme på alle cafèar og restaurantar, og slik meiner me det også bør vera her. Hadde dei vaksne som var med spurt på førehand, trur eg også denne saka hadde blitt takla på ein heilt annan måte, slår dei begge to fast. For dette handlar eigentleg om kommunikasjon.

Tek ikkje matpakke med

Og det handlar også om kommunikasjon , og om det å prata med oss på førehand, når då sentrale politikarar, med tidlegare ordførar i Finnøy i spissen, kjem med eit svært krast lesarinnlegg i avisa med bakgrunn i desse lite nyanserte oppslaga . Då blir blir me nedtrykte og leie oss, og fryktar at det som skulle- og skal vera noko svært positivt for alle, får eit negativt stempel og slår tilbake på oss. Her har me alle eit ansvar for å bidra til framsnakking om me vil at det skal bli til noko positivt. Og det trur eg også at alle eigentleg vil at dette skal bli, håpar både Frode og Chatrine.

-Finnøy og lokalsamfunnet har fått ei fantastisk gåve frå Nye Stavanger kommune i form av desse unike fasilitetane knyta til heile det nye innbyggjartorget, midt i Judaberg sentrum.Det kan dei fleste misunna oss. Då også med eit servicetilbod til innbyggjarane som gir moglegheiter som me kanskje i dag ikkje heilt er klar over kor unike dei er. Og kanskje heller ikkje heilt ser den eigentlege verdien av enno, meiner Frode.

- Difor er det ekstra kjekt at mange ungdomar alt har sett dette, når dei i mindre gruppe jamleg stikk innom på ettermiddagen med PC-en sin under armen. Då set dei seg gjerne ned over ein kopp kaffi eller noko å drikka, og verkeleg nyttar seg av dei digitale moglegheitene som dei her har tilgang til for både læring og kommunikasjon, også med folk i kommuneadministrasjonen. Og som ungdom flest,  tek dei seg naturlegvis også tid til å dyrka det sosiale i tillegg.

Ei gåve til Finnøy

Dei har skjøna det, og dei har heller aldri teke nistepakken med seg inn. Difor håpar eg nå at også andre aldersgrupper og generasjonar finnøybuar ser verdien av å ha dette som ein  møteplass i tida framover. For heile innbyggertorget, og dei mulegheiter desse lokala gir, er eit stort aktivum for heile Finnøy og dei mange tilreisande. Men det er og noko heilt nytt og eit pilotprosjket for heile Stavanger kommune som rekke langt utover kommunegrensene, slår Cathrine og Frode fast.

- Me har heller ikkje tru på at me skal tena dei store pengane på dette, og reknar vel også med å gå med underskot på drifta den første tida. Det har me også tatt høgde for då me søkte om å få drifta cafèen. Men me har enno trua på at dette kan bli til noko flott i framtida, avsluttar Ryfylkekokken som nyleg har feira 10 år som Ryfylkekokken  på og i Finnøy.

På grunn av dei innskjerpa regionale smitteverntiltaka, har dei nå valt å stenge kaféen på Innbyggjartorget i 14 dagar framover.