Helga Hebnes (t.v.) og Astrid Trondsen på trappa til Bethel kor messa blei starta. I år kan Julemessa på Finnøy feira 40 år. (Foto: Rune Nedrebø)

FINNØY:

-Opplegget i år må bli annanleis enn før på grunn av korona’en, men me skal ha julemesse også dette året, seier Helga Hebnes og Astrid Trondsen i komiteen til Øyposten.,

Etter fleire rundar med fintenkjing er nå opplegget for årets messe klart. Den blir digital, dvs at det blir mulig å kjøpa lodd og sjå utstillinga på Julemessa si Facebook-side.

Trekninga blir laurdag 28. november.

Dessutan blir det fleire arrangement i samband med messa og for å markera jubileet.

Dans på kaien

Fredag 27. november blir det misjonsmøte på Emmaus med Kristin og Erik Bøhler, som har hatt ansvaret for Normisjon sitt sjukehust i Nepal. Her vil det også vera mulig å sjå mange av gåvene på julemessa.

Laurdag 28. blir det misjonsløp på skulen, kor dei som stiller opp kan betala sjølv eller skaffa ein sponsor.

-Me har dessutan lauslege planar om ei dansetilstelling på kaien på Judaberg, for å skapa litt liv, kanskje også med ei bålpanna og sal av frukt og grønt. Men dette er ikkje heilt bestemt ennå, seier Astrid Trondsen til Øyposten.

desember blir det heile runda av med godspel-kveld på Emmaus, kor inntektene går til Normisjon sitt arbeid i Aserbadsjan.

Både ho og Helga Hebnes er spent på årets messe, men håpar det blir ei fin markering av jubileet.

-Normisjon si julemesse er heile Finnøy si julemesse, understrekar Helga Hebnes.

Ein stor dugnad

Julemessa blei starta i 1980 av Borgny Tungland, som fekk med seg medlemmer i Santalmisjonen på Finnøy. Då var messa i Bethel, og det kom inn 9000 kroner. Sidan då har julemessa utvikla seg med fleire friviljuge og fleire aktivitetar.

I 2001 gjekk Santal- og Indremisjonen saman i Normisjon, og messa fekk nå sin eigen komite. Messa, som  i alle år har vore halden i slutten av november, vaks seg etter kvart så stor at det var umulig å ha henne på Bethel. I 2016 flytta ho til Sentralskulen. I fjor, som var det foreløpig siste året med ei normal messe, hadde beløpet som kom inn frå messa auka til 208.000 kroner.

-Det er ei imponerande dugnadsånd som ligg bak dette. Bønder gir mjølk til grauten, bedrifter og privatpersonar gir fine gåver og folk jobbar både seine nattetimar og lange dagar for å få dette til, seier Helga Hebnes til slutt, og rettar ein stor takk til finnøybuen for at dei i alle år har slutta så godt opp om messa.