Kristin Hegdahl på Østhusvik kjem seg ikkje ombord i den nye bussane som går på Rennesøy. Fotgo. Oddbjørg Måland|

RENNESØY: Hegdahl er avhengig av buss når ho skal på butikken, eller gå langt, og det har vore uproblematisk heilt til no.,

- Dei nye bussane gjer det umogleg for meg å reisa. Før me fekk alle dei nye avgangane gjekk det heilt greitt å ta seg rundt med bussen, eg gjorde det heile tida. Det var slakt og fint å komme seg inn og ut med senk og hev-plattform. Problemet no er at dei nye store bussane har fem smale, bratte trappetrinn som gjer det umogleg for rullestol, rullator og barnevogn å komma inn. Men og for eldre folk som er berre er litt skrale til beins. Eg forstår mest ikkje at Kolumbus kan gjera det. Dei gamle bussane var laga med tanke på kollektiv transport, medan dei nye bussane er typiske turbussar berekna på langkøyring. Når det er sagt er dei nye bussane svært komfortable og moderne, men dei egnar seg ikkje til dagleg bruk i kollektivtrafikken. Viss det er slik at dette er villa politikk så må me i det minste få beskjed. Bussen har blitt eit problem og ikkje eit hjelpemiddel, seier Kristin Hegdahl.

Isolert

- Korleis tek du deg fram no?

- Det er akkurat det eg ikkje gjer. Eg har ikkje vore i butikken på to veker, eg kjem meg ikkje lenger enn det eg klarer å gå sjølv. Det går greitt å ta med ein mjølkekartong ifrå butikken på Østhusvik, men ikkje meir. Det blir for tungt å gå opp den bratte Skulevegen med varer på rullatoren.

Hegdahl har vore i kontakt med Kolumbus og fått svar tilbake at dei såkalla høggolvsbussane er større og blir brukt i samband med køyring av skuleelevar, men så lenge dei er universelt utforma er det opp til operatøren som køyrer å velja busstypar.

- Er bussane universelt utforma når det ikkje går an for personar med nedsett funskjonsevne å komma seg inn på bussen?

- Operatøren vår har gjort alt dei kan for å skaffa nok materiell til oppgraderinga den 12. oktober, men det er lang leveringstid hjå alle bussprodusentar på nye bussar. Akkurat no er leveringstida eitt år. For å lykkas med å auka med så mange avgangar på så kort tid, er det sett inn flunkande nye flybussar på rute 10, ettersom denne ruta køyrer lange strekningar og i 80-sone. Desse bussane er ikkje låggolvsbussar, men tilfredsstiller alle krav til universell utforming, og har heis for rullestolar. Høggolvsbusser er ikkje ei optimal løyning med tanke på universell utforming, men alternativet er at det ikkje er bussar å setta inn, seier kommunikasjonsrådgjevar i Kolumbus, Elisabeth Tostensen.

Brot på konsesjonen

Håkon Yttri på Innbyggartorget i Vikevåg pendlar med buss nummer 10 i frå Stavanger kvar dag.

- Eg har sett fleire uheldige hendingar i samband med ombordstiging. Problemet er trappene. Dei er altfor bratte og smale, som ein hønsestige. Ein rullestol har ikkje sjans å komma inn, fordi det trengs to personar å bæra den, og det er det ikkje plass til. Til dags dato har eg ikkje sett at heisen har vore i bruk. Til og med barnevogner er problematisk å få om bord. Ein gong opplevde eg at ei barnevogn ikkje kom inn bussen, men måtte fraktast i lasterommet under bussen. Dessutan er kortlesaren plassert midt i trappa, og det er direkte farleg. Eg har sett ein mann falla då han sto i trappa og bussen gjorde eit byks framover, fortel Yttri.

Nestleiar i Funksjonshemmedes råd i Stavanger Thomas Nesheim, seier til avisa at alle skal ha moglegheit til å reisa med buss.

- For fleire år sidan vedtok fylkeskommunen at all kollektiv transport i Rogaland skal vera universelt utforma. I dette tilfellet betyr det at dersom bussen er ein høggolvbuss skal det brukast heis. Viss ikkje dette blir gjort er det brot på konsesjonsvilkåra. Eg oppmodar at saka meldes inn til Funksjonshemmedes råd så skal me ta den vidare til operatørselskapet og Fylkeskommunen/Kolumbus, seier Nesheim.