RENNESØY:  Som Øyposten tidlegare har skrive blei ho ikkje lite forundra over at kommunen vil bruka tid og krefter på å skapa nytt liv i det gamle kommunehuset i Vikevåg. Mellom anna er det snakk om eit snytt spelerom for ungdom, og lag og organisasjonar blir også ynskte velkomne til å bruka huset som i haust fekk kjøkkenet oppgradert.,

-.Dette skjønar eg ikkje, huset skal etter planen rivast. Det ville vore mykje betre å konsentrera innsatsen om Kulturhuset Meieriet, kor alt dette kunne fått plass, meiner Schanche.

I løpet av neste år vil truleg kommunen si "mulighetsstudie" for Vikevåg vera klar, og dermed kan det også bli klarare kva kommunen tenkjer om framtida for tettstaden.

Brukar mest Askje og Randaberg

Sjølv om Elin Schanche bur på Utstein Kloster, handlar på Askje og Randaberg og langt på veg ser på Randaberg som sitt naturlege senter, meiner ho at Stavanger kommune må vera sitt ansvar bevisst og satsa på Vikevåg.

-Det er avgjerande for at folk skal bu her og trivast at me klarer å skapa eit samlingspunkt som kan gi folk tilknytning til kommunedelen. Rennesøy har mange nye innbyggjarar, som gjer det ekstra viktig å byggja ein felles identitet, seier ho engasjert.

Rennesøy kommune planla å bruka 80 millionar på ulike tiltak i Vikevåg-området, kor eit nytt kommunebygg var mellom dei største løfta.

-Det har vore ein kamp å få pengar til Vikevåg tilbake i budsjettet igjen, etter at kommunedirektøren strauk dei. Nå har Høyre lagt inn 38 millionar i 2022 og like mykje året etter, mens fleirtalspartia bare har lagt inn 38 millionar hittil, i 2024, opplyser Schanche.

Ho meiner likevel at kommunen ikkje nødvendigvis treng å byggja så mykje. Det kan like godt vera ein partnarskap med private investorar, og gjerne spreidd på fleire tiltak.

-Heile området må sjåast i samanheng og byggjast ut etter ein overordna plan kor også salg av kommunehuset og ny bruk av denne tomta til bustader inngår, meiner ho

Vikevåg trengst

-Nyttar det å skapa nytt liv i Vikevåg når trafikken går utanom?

-Ja, absolutt. Skal me få det til må det bli ein kombinasjon av kultur, næring og handel. Det er veldig idyllisk i Vikevåg, og tenk om me kunne fått nye lokaler til biblioteket, gjerne i kombinasjon med ein kafe og Innbyggartorget ved båthavna. Det kunne blitt flott. I tillegg kunne det blitt gode, sentrumsnære boligar her med parkering under bakken, seier Elin Schanche, som også ivrar for at frivillige lag og organisasjonar i større grad ser på Kulturhuset Meieriet som deira hus.

-Her burde kommunedelsutvalet involvert seg sterkare, meiner ho.

-Alt dette kjem vel med i "mulighetsstudien"?

-Treng me verkeleg bruka to millionar kroner på den. Mykje av dette låg klart i planane frå Rennesøy kommune si side, som det bare vare å byggja vidare på, seier ho.

-Blir det ikkje Judaberg som blir sentrum nord i den nye kommunen?

-Jo, det blir det. Det er naturleg, men det er ikkje noko motsetning her. Det er ikkje naturleg for rennesøybuen å dra til Judaberg for å handla til dømes. Då reiser dei heller til Askje eller Randaberg, seier ho.