Kjell Nes frå Ombo har lenge enasjert seg for øyane i Nye Stavanger. Men nå er han så skuffa at han meiner ein ny kommune kan vera løysinga.

OMBO:

Kjekk Nes sparer ikkje på krutet når det gjeld kva utkantane i den nye kommunen har fått ut av samanslåinga med Stavanger.,

-Det kan vera ein tanke om me etter neste valg skal spørja Randaberg og Rennesøy om det er aktuelt med ei grensejustering, seier Nes til Øyposten.

Ein kommunen med Randaberg, Rennesøy og Finnøy, Utstein kommune, var eit alternativ då Finnøy og Rennesøy gjekk saman med Stavanger, men fekk ikkje oppslutning i Finnøy. I Rennesøy var haldningane meir positive.

Kjell Nes innrømmer at han sjølv var mellom dei som ivra for at Finnøy skulle gå inn i Stavanger, men seier han er blitt svært skuffa.

Kva vil dei med oss

-Eg trudde Stavanger ville noko med dei to kommunane dei gjekk saman med, og ikkje bare ha oss til pynt. Men slik er det ikkje blitt, seier Nes, og legg mykje av ansvaret for dette på det politiske fleirtalet som styrer i Stavanger.

-Eg er skuffa over Sp, men partiet er nok for lite i Stavanger. For meg ser det ut til at bompengepartiet har fått alt for mykje makt. Viss ikkje arbeiderpartiet ser at noko må gjerast for øyane, kan det å be om ei grensejustering vera ein veg å gå, seier Nes, og viser mellom anna til at Senterpartiet ligg an til å gjera eit kjempevalg neste år.

Partiet har omkamp om kommunesamanslåing som ei av sine fanesaker.

Kjell Nes opplever også at det er fleire på dei ikkje landfaste øyane som delar skuffelsen hans.

-Dei som styrer Stavanger har brote kontrakten med veljarane når dei seier at intensjonsavtalen ikkje er verd noko, det er det verste, fortset Nes.

Mange skuffelsar

Den største skuffelsen er mangelen på engasjement som han opplever for Øyfast, men det er også andre ting han dreg fram. Manglande fiber-utbygging, at forslaget til Kula-register gjekk glatt gjennom i Stavanger og at havbruksfondet havnar i den store kommunepotten utan å bli øyremerkt til øyane. Det siste var forslaget om at Stavanger skulle droppa å engasjera seg i bustafeltet Holmastø på Fogn.

-Her snudde dei visst, foreløpig, seier Nes, som saknar eit engasjement for øyane frå Stavanger si side.

-I si tid blei det oppretta ein Storhaug-prosjekt, som fekk millionar og som til og med kom inn på statsbudsjettet. Kvifor får me ikkje eit liknande engasjement for å utvikla øyane, nå ser me bare avvikling. Viss det er noko stad Stavanger må driva politikk, så er det her, seier Kjell Nes.