Beiting av kulturlandskapet er viktig for å sikra det biologiske mangfaldet Foto: Jon A. Flesjå

FINNØY/RENNESØY: Hovudføremålet med planen er :

Berekraftige og trygge verdikjeder for produksjon, foredling, distribusjon og konsum av mat.

,Dette skal oppnås på fylgjande måte:

-Direkte utslepp av klimagassar frå jordbruket sin maskinpark og stasjonær oppvarming skal reduserast med 80% innan 2030, og med 100% innan 2040. Minst 25% av husdyrgjødsla til biogassproduksjon innan 2030.

Reduksjon i klimagassutslepp med biologisk opphav:,

Bevare jord og landbruksareal som viktige karbonlager og bevare/auke karbonlagringa i desse.,Stoppe nedbygginga av matjord og andre viktige karbonlager,Stoppe nydyrking og nedbygging av myr

Delmål Biologisk mangfald:

-

Styrke og auke det biologiske mangfaldet i landbruksområda.,-Bevare dei genetiske ressursane i landbruket.

Delmål Avfall og miljøgifter:

-Redusere svinn i produsentledd, storkjøkken og hushaldningar,-Alt næringsavfall og alt farlig avfall frå landbruket til godkjent mottak.

,-

Redusere ureiningsfare frå kjemikalier og farleg avfall i landbruket.

Delmål Vasskvalitet:,

- Oppnå/oppretthalda god eller svært god tilstand for alt vatn i kommunen.

-Delmål Økologisk landbruk og andelslandbruk, meir direkte handel:

-

Minst 15 gardsbruk/gartneri med økologisk produksjon og fem andelsbruk innan 2030.

- Minst 15% andel økologisk mat i kommunen sine eigne verksemder innan 2030

,-

Auka kunnskap om matproduksjon og etterspørsel gjennom direkte kontak mellom forbrukar og

produsent.

Hovudbakgrunnen for sjølve temaplanen er ei vidareføring av den vedtekne "Klima og Miljøplanen" til dåverande Stavanger kommune frå 2018.Då med utgangspunkt i kommuneplanen sin samfunnsdel som nå altså skal omhandla heile den nye kommunen. Den har desse tre satsingsområda:

Gode kvardagsliv,Regionsmotoren og ein Grøn Spydspiss.,

-I målsetjinga om å vera den såkalla "Grøne spydspissen" ligg det inne ein klar ambisjon om at kommunen skal leia an i arbeidet for eit klima- og miljøvennleg samfunn. Dette gjennom å ta vare på naturen og sikra artsmangfaldet og kulturlandskapet. Planen skal difor vera med på å sikra at desse tre overordna målsetjingane om å oppnå;

Gode kvardagsliv for innbyggjarane, ein regionmotor i dette arbeidet og ein grøns spydspiss, skal nås innan år 2030.