Kartverket er ein del av satsinga for å auka den norske sjølforsyninga av korn, frukt, bær og grønsaker. Så langt har Nibio kartlagt omlag halvparten av den overflatedyrka og fulldyrka jorda her i landet. Sist ute har vore ei kartlegging av dei beste områda for korn- og grasdyrking.,

                                       Grønsakkart på plass

Det er alt på lass eit liknande kart som viser kva stader i landet som er best eigna til grønsakdyrking.

,-Innafor grønsaker, frukt og bær er det låg sjølforsyning for mange produkt her i Norge. Den norske produksjonen har heller ikkje halde tritt med den sterke forbruksauken som ein har sett dei siste åra. Å løfta grøntsektoren har difor vore eit satsingsområde, og ei hovudsak i dei to siste jordbruksoppgjerda, seier Landbruks- og matminister Olaug Bollestad til avisa.,-Det er avsett ein eigen pakke for innovasjon og vekst i sektoren, i tillegg til eigne midlar til investering og forskning. Kartverket vil også vera eit viktig verkemiddel i arbeidet med jordvern i Norge, meiner ministeren.