Tilbodet starta i august, og blei nyleg «oppgradert» til å gjelde taxi.

STAVANGER: Opplegget er nattbuss til bussterminalen på Sokn, kor det ventar maxi-taxi vidare til Finnøy. Det er eigne takstar på nattbussen, men ungdom kan bruka ungdomskort. Tilbudet gjeld ungdom mellom 16 og 24 år, og tran sporten til Finnøy må bestillast på nettsida til Rock Taxi, seinast klokka 22 same dag.,

Det blir avgang kvar natt til laurdag og søndag klokka 01.40 frå Sokn, og avgangen vil korrespondera med nattbussen frå Stavanger.

Også personar over 24 år kan bestilla skyss til Finnøy frå Sokn viss det er plass, og prisen blir då 100 kroner. Ordninga er eit prøveprosjektet og vil gi mulighet til å gå rett frå nattbussen til ein maxi-taxi som kjører fast rute på Finnøy.

Det er mulig å bestillast plass i taxien frå måndag kvar veke, noko som betyr at det alt førstkomande måndag er åpna for bestilling. Personar over 24 år må derimot venta til etter klokka 22 fredag for å bestilla plass, sidan tilbudet i første rekke er mynta på ungdom under 24.

Prøvetilbudet er eit ledd i Stavanger kommune sitt arbeid for å betra kollektivtilbudet til Finnøy, og redusere behovet for å bruka eigen bil og dermed bidrar til reduksjon av utsleppet av klimagassar.

Prosjektet har fått økonomisk støtte frå Kolumbus i 2021, og viss ungdom frå Finnøy brukar tilbudet vil det kunna bli vidareført også etter dette..

- Me vil gjerne betra kollektivtilbudet for dei nye kommunedelane som ligg lengst borte frå kommunesenteret. Dersom dette nye tilbudet blir brukt, vil me sjå på muligheten for samarbeid med Kolumbus om eit tilbud også etter 2021, seier Imme Dirks Eskeland, rådgjevar i klima- og miljøavdelinga i Stavanger kommune.