Tour of Norway på øyane i gang igjen

Landets største sykkelritt for born har blitt ein tradisjon på Halsnøy og Fogn.

  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over ett år gammel
Startskotet går for "Tour of Norway for Kids i Skartveitvågen i fjor. Foto: Arkiv

HALSNØY-FOGN:

For fjerde år på rad blir det løp på Halsnøy måndag 28. juni, og tysdag 29. juni på Fogn som er vertskap for tredje gong.,

På Halsnøy startar programmet klokka 1700 med registrering og utdeling av startnummer

Fyrste pulje syklar ut klokka 1800. Dei aller yngste med trehjulsykkel og støttehjul er fyrst ut. Så startar gruppa 5-6 år, deretter 7-8 år og til slutt 9-12 år.

Arrangementet er ferdig før klokka 1900.

På Fogn er programmet tilsvarande men startpunktet for registrering og utdeling av startnummer er klokka 1600.

Fyrste pulje startar klokka 1700 som er den yngste gruppa, så fylgjer dei eldre klassane fortløpande på. Arrangementet er ferdig rundt klokka 1800.

For dei som ikkje har meldt seg på ennå, er det ikkje for seint, det er framleis ledige plassar både begge stader, og du treng ikkje bu verken på Halsnøy eller Fogn for å vera med på sykkelløpet.

Tour of Norway for kids er gratis, og alle mellom 0 og 12 år som har hjelm og sykkel kan vera med. Alle som deltek får fine premiar pluss t-skjorter.