Tekst : Jon Asgaut Flesjå

På vegen til finalen, har dei i sluttspelet mellom anna slått ut Bremnes, Våg, Bryne og i semifanlen var det Vindbjart som måtte melda pass for raudtrøyene frå Finnøy i ein uvanleg spanande kamp. Ein kamp som gjekk til ektsraomgangar og "sudden dead" etter at sørlendingane hadde henta opp Finnøy si 3-0 leiing ved pause. Gråtande, talentfulle tenåringar frå Venensla, måtte sjå at elleville 13- åringar frå "perlå i Ryfylke" blei for sterke, og altså i morgon tidleg kan springa ut på sjølvaste Søra Arena med eit publikumstal på tribunen som berre få av dei kan drøyma om i framtida.