-Lundehunden er ein kjekk hund, tykkjer Kristoffer Østebø, som i mange år har arrangert treff for hunderasen på Talgje.|Petra Ognøy frå Bokn kosar seg med lundehundane som var med på treffet søndag.|Lundehunden har klare trekk frå reven i ansiktet. Hunderasen skal vera ein av dei mest sjeldne i verda.

TALGJE: Øypostens utsende blei helsa velkommen av gøying i kor då me melde vår ankomst til årets lundehundtreff på øya.,

-Lundehunden er ein veldig god vakthund, som det er umulig å snika seg forbi. Men straks du snakkar til han, roar han seg ned, får me opplyst av ivrige lundehund-eigarar.

Lundehundtreffet på Talgje er heime på garden hos pensjonert bonde Kristoffer Østebø, og blei arrangert første gang i 1999.

God turkamerat

Sjølv har Østebø hatt ikkje mindre enn seks Lundehundar i løpet av alle åra han har hatt hunderasen på garden. I 2016 døydde den siste, og nå, som han er pensjonist, reiser han for mykje til å kunna ha hund.

Petra Ognøy frå Bokn kosar seg med lundehundane som var med på treffet søndag. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

Men lundehundtreffet, det held han fram med, og på programmet denne søndagen stod det tur til Søylå på Talgje og grilling og drøs etterpå.

-Lundehunden er ein veldig kjekk hund, reinsleg og ein god turkamerat og eit fint kjæledyr, seier Østebø.

Lundehunden er kjenneteikna av å ha 6 tær på alle fire føtene, mens vanlige hundar bare har fem, og han kan også bøya hovudet så langt bak at skallen berører ryggraden. Opphavsstaden for hunderasen blir rekna å vera på Værøy i Lofoten, og navnet sitt har han fått fordi den mellom anna blei brukt til å fanga lundefugl.

Venteliste

På flyplassen på Sola blir han brukt til å henta fugleegg, noko som skal ha redusert fuglefaren for flytrafikken betrakteleg. Og kven veit, kanskje kan lundehunden også brukast til å minka grågåsplaga på øyane i Ryfylke.

Lundehunden har klare trekk frå reven i ansiktet. Hunderasen skal vera ein av dei mest sjeldne i verda. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

Lundehunden har vore utrydningstruga, på det minste skal det bare ha vore fem eksemplarer igjen, men i dag skal det vera 1400 eksemplarer av rasen på verdensbasis. Til treffet på Talgje sist søndag kom det 16 hundar.

Rasen er i ferd med å bli meir og meir etterspurd,  og for tida er det ventelister for å kjøpa ein kvelp. Prisen for ein lundehund ligg midt på treet, rundt 18.000 kroner, får Øyposten opplyst.