STAVANGER:

Heile 108.000 av innbyggarane i Stavanger kommune (ca. 90 prosent) har hittil fått 1. dose, medan 94.000 av desse er fullvaksinerte. Torsdag lanserte ordføraren og helsedirektøren ein vaksinebuss som neste steg for å nå dei siste prosentane.,

– Her kan du berre stikka innom bussen, få eit stikk og venta i 20 minutt, og så er du ferdig, seier ordførar i Stavanger kommune, Kari Nessa Nordtun.

Foruten bussen, blir den vanlege vaksinering flytta frå Forum Expo til eit mindre lokale i Torgveien 15c.

Drop-in vaksine

Vaksinebussen skal køyre rundt i heile kommunen og stanse på sentrale stader, for å gjera det så lett som mogleg å vaksinera seg. Og for å gjera det enda lettare, blir det også som drop-in.

Ein av grunnane til at det no blir «kollektiv» vaksinering er aldersgruppa mellom 25 og 39 år. Det er nemleg desse som har lavast vaksinedekning i kommunen, noko som var overraskande. 81 prosent av desse har tatt 1. dose, mens i underkant av 73 prosent har tatt 2. dose.

– Det er spesielt denne aldersgruppen me vil nå med denne bussen, sier direktør for helse og velferd, Eli Karin Fosse.

– Eg forstår at folk vil vurdere kva som er riktig for dei når det gjeld vaksinering, men samtidig håper eg at dei vil lesa seg opp på den kvalitetssikra informasjonen som ligg ute. Det er heilt essensielt at flest mogleg får vaksina, for å halde fram med gjenopninga, seier ordføraren til Øyposten.

Denne veka kom folkehelseinstituttet også med ein nyheit dei trur vil bli positivt tatt imot.

– No har FHI bestemt at folk kan få velge kva vaksine dei sjølv vil ha, anten det er Pfizer eller Moderna, opplyser Fosse.

Helsedirektøren oppfordrar alle som ennå ikkje har vaksinert seg, til å nytta muligheiten når bussen er i nærleiken.

Ordførar Kari Nessa Nordtun og helsedirektør Eli Karin Fosse inne i vaksinebussen. Foto: FOTO: Iris Elin Ullvang

Ikkje auke etter gjenopningsdagen

Det var blanda mottagelse blant nordmenn og -kvinner, då landet endeleg blei gjenopna forrige helg. Mange feira stort, medan andre var nervøse for at feiringa skulle føra til meir smitte.

– Me hadde allereie lavt smittetrykk då, så me har ikkje sett at det har hatt noko betydning - på noverande tidspunkt i alle fall, seier ordføraren.

– Men de er positive til at det no kanskje nærmar seg slutten på pandemien?

– Me håper det, me er obs på mutasjoner, og me har beredskap for om det eventuelt skulle skje meir. Er ikkje verda vaksinert, så har også me i Noreg problemer, alt heng i saman, seier ho.

Kommunen har også planar om å laga ein offisiell gjenopningsfest for innbyggarane sine. Festen skal også spesielt vera for å visa takksemd til alle dei som har gjort ein ekstra innsats i pandemien, understreker ordføraren. Men detaljar vil ho ikkje røpa.

– Kan me venta oss konsertar og meir fyrverkeri?

– Eg vil ikkje utelukka noko. Me får sjå, smiler ho.

Vaksinebussen kjem til Finnøy og Rennesøy i neste veke fredag 8. oktober. Vidare stopp for vaksinebussen blir lagt ut på ,<a href="https://www.stavanger.kommune.no/helse-og-omsorg/informasjon-om-koronavirus/koronavaksine-i-stavanger/">vaksinesidene</a>,.