Etter den omfattande investeringa i klimatiltak som kommunen gjorde ved Rennesøy Bo – og rehabiliteringssenter i fjor, er dei Norges fyrste sjukeheim med algoritmebasert energistyring, solceller og batteribackup.,

Forklart på ein enklare måte betyr det at dei kan å bruka straumen når det er mest fornuftig og mest kostnadseffektivt.

  • Det vil sei at me ved hjelp av svært avansert teknologi kan styra energiforbruket, og redusera det. Anlegget er knyta opp i mot vêrmeldingane, og alt av nyttig informasjon om forbruket kan lesast av på ein skjerm i resepsjonsområdet. På den måten har me full kontroll med forbruket til ei kvar tid, seier prosjektleiar Jarleiv Sørbø.

  • Kvifor denne veldige satsinga?

  • Me veit at energiprisane varierer i forhold til visse tider på døgnet. Når forbruket er høgt, stig prisane. Det er desse straumtoppane me ynskjer å redusera så mykje som mogleg ved å styra forbruket, og å produsera straumen sjølv via solcellepanela på taket.

Med solcellepanela kjem ein såkalla batteripakke som kan lagra overskotsstraum, eller ein kan ta ut straum. Målet med batteripakken er å bruka opplagra straum på dei dyraste tidene, og for å ha straum i reserve i tilfellet naudsituasjonar. I tilfelle straumbrot vil ein alltid kunne ha tilgang på straum. Ingenting av straumen som blir produsert på huset ved hjelp av solcellene går til spille. Anten blir den brukt direkte, eller lagra i batteripakken.

  • Og prisen?

  • Tala har eg ikkje føre meg no, så det kan eg ikkje svara på. Kor lang tid det eventuelt vil ta før installasjonen er rekningssvarande, er vanskeleg å sei. Ingen veit noko sikkert om straumprisane i framtida, anna enn at dei mest sannsynleg vil stiga. Dessutan er dette eit framtidsretta og miljøvenleg tiltak på same måte som me har innført på fleira andre kommunale bygningar, om ikkje så avanserte, seier Jarleiv Sørbø.