ASKJE/MOSTERØY:

På grunn av koronapandemien vart bilkortesjen gjennomført for første gong i fjor. Også kl.09.30 i dag stilte mange titals bilar, traktorar og andre rare kjøredoningar opp i rundkjøyringa ved Vaula. Langs ruta ned mot Askje Kai og Marina, der både Mosterøy skulekorsps og Ungdosmkort helsa kortesjen med flott og fengande korpsmusikk, hadde folk i hopetal møtt opp i hagar og langs vegkanten i finstasen, for å helsa alle ein god og flott 17. mai.,Og medan dei første solstrålande braut gjennom skylaget , bar turen vidare vestover forbi det store bustdfeltet på Skorpefjell og E 39 og Sokn bru,der kortesjen etter kvart løyste seg opp.,

Flott å feira 17. mai "på landet".

I gardstunet like ovanfor Askje kai har familien Ditlevsen frå Stavanger også teke på seg finstasen for å helsa dei forbipasserande med både heiarop og veiving med det norske flagget i handa.

-Eg synest dette er ein flott måte å helsa folket på på nasjonaldagen, når situasjonen er som den er blitt med sine avgrensingar, smiler Kjell Didriksen. Han er født og oppvaksen på Tasta. Sjølv har han og kona Åse feriert på Furre i Sjernarøy i over 20 år, og er godt kjent på Ryflkeøyane. -Eg synest det er flott å koma til litt meir landlege omgivelsar på nasjonaldagen og feira saman med familie på denne måten, og får støtet frå dottera Therese.