Arbeid på Østhusvikvegen i nokre månader til

Det pågår ennå vegarbeid mellom Østhusvik til Vikevåg, men ventetida vil vera verdt det, lovar vegvesenet.

Det er venta at det vil gå minst to-tre månadar til med arbeid på strekninga Østhusvik-Vikevåg.|Arkivfoto: Det blir lagt drensrøyr og pukk i veggrøfta, som kan utvidast med ein halvmeter når det blir lagt nytt asfaltdekke. Bildet er tatt i oktober 2021.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over ett år gammel

RENNESØY:

– Arbeidet er ikkje ferdig, me fortsetter mot Vikevåg. Me skal over "heia" der nå og nedover, opplyser Tor Skårland i Statens vegvesen til Øyposten.,

Men kor lang tid det vil ta avhenger mykje av det lunefulle vestlandske vêret.

– Det er alt etter korleis vêret er. Eg er redd det nok vil gå to-tre månader til før me er heilt ferdig. Me gjorde så mykje me kunne fram til nyttår, så me har vore opp bakkane og til toppen.

 Arkivfoto: Det blir lagt drensrøyr og pukk i veggrøfta, som kan utvidast med ein halvmeter når det blir lagt nytt asfaltdekke. Bildet er tatt i oktober 2021.

Uheldig med frost

Torsdag morgon var det frost, noko som kan påverka arbeidet. Foreløpig går det på fram.

– Det er litt uheldig, viss det er frost kan me ikkje gjera noko anna enn å stoppa arbeidet. Men det er framleis arbeid på gang der, eg trur dei utvider ein sving nå. Så lenge det ikkje blir meir frost skal det gå fint, seier Tor Skårland.

Det opprinnelige arbeidet skulle vera ferdig til nyttår. Men på grunn av behovet på strekninga, blant anna etter flaum, fekk dei meir midler av fylket for å utbedre vegstrekninga ennå litt til.

– Men det var flaum så eindel av vegen har rent bort. Me fekk inn meir midler til å utbedra vegstrekninga. Så me skulle gjera meir tiltak, med å utvide og asfaltere. Den skal asfalteres til sommaren, og derfor prøver me å gjera den mest mogleg ferdig nedover.

– Eg trur det blir ein kjempefin veg til slutt, avslutter han.

https://www.oyposten.no/2021/10/17/berykta-veg-blir-stengt-fram-til-jul-for-utbetring/

Publisert: