Glasmaleria i Hesby kyrkje.

FINNØY:

Arbeidet skjer i forbindelse med det omfattande restaureringsarbeidet som pågår for middelalderkyrkja i Hesby.,

Demonteringa av glasmaleria må skje med stor forsiktighet, og arbeidet og transporten til Trondheim skal gjerast av fagfolka frå Nidarosdomen. Arbeidet er planlagt å skje i løpet av januar.

Teikna i 1960

,Glasmaleria er teikna av Frøydis Haavardsholm omkring 1960. Frøydis Haavardsholm var fødd i Tromsø, og var ein kunstnar som spesialiserte seg på glasmaleri. Glamaleriet "Korsfestelsen" i kyrkja i Hesby, er bare eit av mange arbeid ho stod for. Dei største og mest kjende er

Korsfestelsen

i Korskirken i Bergen (1928) og fem store korvindauge i Trefoldighetskirken i Oslo (1933–35).,

Arbeidet i kyrkja i Hesby var mellom det siste ho gjorde.

Dei tre austvindaugene i kyrkja har eit rammeverk av jern, som det viser seg er angripne av rust. Særleg i nedre kant er skadene så store at blyglasvinduet er delvis deformert. Fagfolka frå Nidarosdomen vil sjå nærare på vindaugene når dei kjem til Trondheim, men det blir antatt at sjølve glaset er i bra stand.

Rustskader

Arbeidet som er planlagt er demontering av dei tre vinduagene. Yttevindaugene blir ståande i muren viss det er mulig. Det skal lagast nye ramer for glasmaleria i rustbestandig matrialer. Skader på glasmaleria skal reparerast, og metalramene skal justerast slik at kondensproblemet blir fjerna eller redusert. Til slutt skal vindaugene monterast igjen med innfuging av kalkmørtel.

Det er gitt dispensasjon frå Riksantikvaren til å utføre restaureringa av glassmaleria.

Og samtidig med at glasmaleria er ute, er det avgjort å utføra nødvendig arbeid med meisling innvendig i koret i kyrkja. Dette betyr også at murverket i Hesby-kyrkja kan få noko lenger tørketid, noko som bare er positivt for sluttresultatet.

Koret vil vera stengt fram til slutten av mars, men etter dette vil kyrkja vera åpen igjen, så langt ein kan sjå nå. Men restaureringsarbeidet gjer at ting kan endra seg, blir det påpeika. Kyrkja kan også bli stengd i kortare periodar etter mars, på grunn  av teknisk arbeid.

Utvending meisling og arbeidet med ny fuging vil pågå heile neste år.