Frå rivinga av den gamle kaien på Halsnøy. (Foto: Alf Magnar B. Rørheim).

Ørnes ynskjer å bygga nytt kaihus, heller enn at kommunen førestår gjenoppbygging av huset som blei rive under dem omstridte kai-saka på Skartveit i fjor, slik avtalen med kommunen var.,

Kaihuset skal i fylgje Ørnes, brukast  som lager for båtforeininga, samt til eiga verksemd.

Kommunen har blant anna vore i kontakt med tidlegare rådmann i Finnøy, Karin Dokken Austvik, som opplyste at planen var å gjenbruka materialet frå det tidlegare bygget, og å gjenreisa eit heilt likt bygg. Dette arbeidet skulle utførast som ein del av det øvrige arbeidet i området, og ikkje påføra kommunen ytterlegere kostnader. I tillegg viser kommunen til eit brev frå september 2019 kor det går fram at tidelgare Finnøy kommune og Kjetil Ørnes under rettsmeklinga vart einige om at kaiskuret skulle rivast og at reetablering etter reparasjon gjaldt areal og ikkje byggverk. Vidare kjem det fram at kommunen meiner dei ikkje har plikt til å reetablera kaiskuret, men at dei likevel tilbaud dette under forutsetning av at kaiskuret blei oppført i same stand og på same plass .

-«Kommunen har således verken plikt eller ønske om å bidra økonomisk med et beløp til dine planer om å bygge et nytt «kaihus». Slik saken nå fremstår er det ingen grunn til å drøfte dette spørsmålet nærmere».