Inviterer til alla tiders Humorgalla
Førstkomande fredag kan du verkeleg få testa lattermusklane, når det stavangerbaserte firmaet Lifesound , med den lokale entertaineren Leif Arild Steen og Nils Petter Flesjå i spissen inviterer til Humorgalla .
- Jon Asgaut Flesjå
Og det er ingen kven som helst som står på gjestelista, når kanskje ein av regionens mest profilerte moromenn,Rune Bjerga, tek med seg den rotekte siddisen Per Inge Torkelsen opp på scenen i Fleirbrukshallen fredag kveld.,
Men også dei to lokale moromennene ,Mugge & Bugge, deltek.Det heile leia og fletta saman av konferansier Arne Nordbø.
Gledar seg veldig
-Alle artistane gledar seg veldig til å koma, seier Leif Arild Steen.-Me finnøybuar har jo skrytt Finnøy opp i skyene, og er stolt av at det har lukkast å få dette til i Storstova vår.Så om dette «går i dass» så er det eg som får kjeften, seier «Buggen» på sin karakteristiske måte.
Men dette kostar vel pengar, og fallhøyden er vel også stor?
-Ja,klart det.Og utan den betydelege økonomiske støtta som me har fått frå lokalt næringsliv, hadde me heller ikkje fått dette til .Så det er nok ein gong å berre bøya hovudet, og takka for at det lokale næringslivet og bedrifter stiller opp og bidreg på denne måten, understrekar «Leffien».