Gruppeleiar Dag Mossige i Ap godtar inntil vidare at NLM får støtte frå kommunen til sitt barne- og ungdomsarbeid.

-Eg er veldig skuffa. Eg stod verkeleg på for å få dette til, men dei andre fleirtalspartia hadde ikkje nok vilje til å sjå kor viktig dette er, seier Hetland til Øyposten.,

Hetland ville ha med ei formulering i budsjettet for den nye kommunen om at 50 prosent av inntektene frå Havbruksfondet i nye Stavanger skal setjast av til Øyfast, slik Finnøy tidlegare har vedteke. Men fekk ikkje med seg fleirtalet i det nye kommunestyret.

-Kva blir følgene for Øyfast av dette?

-Det veit eg ikkje. Dette er eit fylkeskommunal prosjekt nå, men Stavanger må uansett pressa på overfor fylket for at Øyfast skal bli realisert, det kjem eg til å jobba vidare med, lovar Birger Hetland.

-Kva støtte fekk du frå personar i dei andre fleirtalspartia?

-Det har eg ikkje lyst til å gå inn på, seier Sp-politikaren frå Sjernarøy.

-Men det er å gi og ta i slike samanhengar, seier han.

Budsjettdebatten enda med at også Hetland stemde for budsjettet, utan at han hadde fått gjennom forslaget sitt om Øyfast. Også Ottar Sandanger (ap), var lojal og stemde for det som låg på bordet.

Tilhøyrer heile kommunen

Ap var blant dei som sa nei til å binda halvparten av Havbruks-fondet til Øyfast.

-Det vil vera ei spesiell form for budsjettering som me ikkje driv med i Stavanger. Havbruksfondet tilhøyrer heile kommunen på same måten som petroleumsinntektene på Forus, seier Dag Mossige, gruppeleiar for Ap.

Han kan heller ikkje lova at det blir gitt pengar frå kommunebudsjettet til Øyfast-fondet framover.

-Øyfast er fylket sitt ansvar. Det er ikkje utenkeleg at fylket vil redusera løyvingane tilsvarande det me eventuelt hadde sett av, meiner Mossige.

KrF åleine

Gruppeleiar for KrF, Henrik Halleland, tykkjer det er synd at Birger Hetland ikkje fekk gjennomslag hos dei andre fleirtalspartia for at halvparten av Havbruksfondet skal gå til Øyfast.

-Neste år kan me rekna med at inntektene frå Havbruksfondet vil bli 40-50 millionar for nye Stavanger sin del. Viss halvparten hadde gått til Øyfast ville det tilsvart meir enn halvparten i inntektene frå bommen i Finnfast.

-Nye Sandnes tar kraftinntekter frå Forsand og legg inn i Espedal-Frafjord vegen. Det er klar paralell til kva Stavanger kunne gjort. Me la dette inn i vårt forslag til budsjett, men det var ikkje fleirtal for det. Det var lite fokus på distrikta og dei ikkje landfaste øyane her i dag, seier Halleland.

"Fantastisk øyrike"

Under framlegginga av dei ulike partia sine budsjettforslag blei Finnøy og Rennesøy bare nemnt to gonger i dei over to timane seansen varte. Det var av ordførar Kari Nessa Nordtun, som skrytte av det "fantastiske øyriket" som nå blir ein del av Stavanger, og Henrik Halleland som snakka varmt for å bruka Havbruksfondet på Øyfast.

-Det er synd at distrikta blir tatt så lite hensyn til av det politiske fleirtalet i den nye kommunen, også av Senterpartiet. Om ingen andre har det så vil i alle fall me i KrF ha fokus på utkantane, slår Halleland fast.

Rune Nedrebø