Skader, karantene og ferie. Store endringar på laget

Finnøy møter Buøy på bortebane torsdag kveld. Med eit halvt «nytt» lag.

Fotballspelarane i både Finnøy og Mastra ser fram til å kunne trena som normalt igjen, etter 11 månader med nestenging av breiddeidretten for vaksne. Foto: Øyposten|
  • Edd Meby
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fire år gammel

Mot Buøy er Anders Eike ute etter sitt raude kort mot Tasta sist, medan folk som Sander Idsøe, Roar Haug, Marton Østebøvik, Sylwester Kowalski og nokre fleire er også utilgjengelege. Men Finnøy kan gleda seg over at den solide stopparen Tomasz Cieslikowski er tilbake på laget etter ein langtidskade i foten, medan robuste Torjus Halsne er klar etter suspensjon og Flavius Mihet er tilbake frå ferie.,

Trenar Erik Flesjå-Johansen har sett laget sitt i betring sidan juni:

- Me har vore plaga med ein del forfall dei siste kampane grunna suspensjonar, skader, jobb og ferie. Dei tre siste kampane har me slått Mastra, spela jamnt mot Stavanger IF og gjort ein bra prestasjon mot topplaget Tasta. Me har møtt tre gode lag, og det har ikkje gitt like god uttelling i poeng.

Buøy er eit lag som ligg i nærleiken på tabellen i avdeling 3.

Finnøy har 11 poeng på sine 14 kampar.

Buøy har 14 poeng på 14 kampar.

Buøy har berre teke 4 av 18 moglege poeng på heimebane, og det kan tyde på at Finnøy har ein fair sjanse, sjølv om det blei tap i heimekampen 15. mai med 1-3. Men det var på eit tidspunkt i sesongen då FIL var på sitt dårlegaste – både i høve spel og poeng.

- Vi forventer ein tett og jamn kamp mot Buøy. Dei imponerte ikkje mot oss i vår, sjølv om me tapte. No er stemninga i laget god, me tilpasser oss nivået i 5.divisjon, så me trur det blir ein heilt anna kamp denne gongen. Me går for siger, og har stor tru på at me får poeng ut av denne viktige bortekampen, seier Flesjå-Johansen.

PS! For trenarkollega Sturle Guttormsen blir det ein litt spesiell kamp, der det står litt familieprestisje på spel. Sonen Robin spelar nemleg på Buøy. Men Sturle er offensiv:

- Det er alltid prestisje i å slå sonen, og Robin har levd lenge på siste gevinst mot oss, så det er mogleg eg må bytta meg sjølv inn og setta eit frispark, humrar Sturle.

Finnøy sine fem siste kampar:

Tasta 0-3 (H)

Stavanger 1-2 (B)

Mastra 4-2 (H)

Madla2 2-8 (B)

Kvitsøy 7-0 (H)

Publisert: