|

Finnøy Elektro har spurt Finnøy kommune om å få kjøpa tomta bak SR-bankbygget på Judaberg. Verksemda har behov for lager for elektrovarer knytt til elektroinstallasjonar, ein liten butikk for utsal, 3-4 kontor, møterom og personalrom som kantine, garderobe. Selskapet ønskjer å realisere eit bygg i to etasjar der næringsformål i 1. etasje kan kombinerast med 1-2 leilegheiter i 2. etasje. Det er Finnøy Investering AS som er tenkt å vere eigar av tomt og bygg dersom kjøpet vert gjennomført. Finnøy Investering er eigd av Finnøy Elektro (49%) og Stavanger Installasjon AS (51%). Stavanger Installasjon eig 51% av Finnøy Elektro. Finnøy Invest, selskapet som ønskjer å kjøpe tomta, eig også nabotomta (gnr.27 bnr.100) der SR-bank held til.,

«Gnr.27 bnr.34 ligg i Judaberg sentrum på oppsida av bankbygget og er eigd av Finnøy kommune. Tomta er regulert til offentlege føremål i gjeldande plan. Tomta ligg i tilknyting til anna offentleg område. Gnr.27 bnr.34 har eit areal på vel 1900 m2. Delar av parkeringsplassen for rådhuset er opparbeida på bnr.34. SR-bank er eigar av eksisterande garasje på tomta og har bruksrett til om lag 120 m2 tomteareal (grunnen og tilkomst til garasje). Disponibelt tomteareal er p.t. 960 m2. Finnøy kommune er eigar av tilgrensande areal avsett til offentleg føremål», går det fram av sakspapira.

Rådmannen er skeptisk til eit sal, og grunngir det slik:

Sentrumsprosjektet:

Det er i gang eit forprosjekt som skal utarbeide forslag til eit meir attraktivt sentrumsområde. Forprosjektet skal gi råd til vidare framdrift ved utgangen av 2019. Rådmannen vurderer gnr.27 bnr.34 som strategisk viktig i den langsiktige utviklinga av eit attraktivt sentrumsområde.,

Lokale tenester:

Lokalisering av eit innbyggjartorg i Judaberg skal i første omgang dekke noko av behovet for lokale førstelinjetenester til innbyggjarane i kommunedelen Finnøy. Det er per tida usikkert kva tilleggsareal den nye kommunen eventuelt kan ha behov for på Judaberg.,

Bustader:

Tomta kan framleis vere aktuell i samband med nye kommunale bustadar.,

Langsiktig:

Kjøp og sal av eigedom er ein viktig del av den langsiktige planleggjinga av ein kommune. Finnøy kommune er i innspurten av samanslåingsprosessen. Rådmannen er i difor i tvil om dette er rett tidspunkt å ta stilling til spørsmålet om endring av offentleg sentrumsareal og sal av ei sentral tomt regulert til offentleg føremål.