Dagleg leiar i Kyrkja i Finnøy, Heidi Bø Sangedal.

Ved inngangen til det nye året skreiv me om bibellesekampanjen i kyrkja på Fogn. Gjennom dei to vekene lesinga har pågått har rundt 20 personar lese, nokre mykje, andre mindre. I ettermiddag blei maratonløpet avslutta, etter den kortaste dagsøkta på berre to og ein halv time.,

- Eg er litt forundra over at me faktisk kom i mål fortare enn dei to førre gongene me las Bibelen. i 2013 og 2006. Når det er sagt var det aldri eit mål å bruka kortast mogleg tid, så kvifor det gjekk såpass fort denne gongen, det veit eg faktisk ikkje, smiler primus motor, Unni Østhus. Nokså nøyaktig 80 timar blei brukt, medan 81 timar tidlegare.

Maratonøkta byrja sundag 5.januar og sidan har det gått mest slag i slag, berre eit par dagar har vore lesefri.

- Korleis har ferda vore?

- Veldig kjekk, som venta. Eg trur mange har hatt glede av å vera med på eit slikt fellesprosjekt, både det å lesa, eller å sitta ned i ro og fred og høyra på. Kyrkja har vore open heile tida slik at folk har kunne komme og gått som dei vil. Tilbakemeldingane er at mange har kjent på gode opplevingar, og eit fredelig avbrekk i kvardagen.

Sokneprest Terje Engstrøm har vore med og dramatisert historia om Johannes døyparen. Også elevar ved dramalinja på Solborg folkehøgskule har delteke med dramatisering.

- Korleis kom på tanken om å lesa Bibelen frå perm til perm?

- Det var på ei tilstelling i den kristne ambassaden i Jerusalem, eg fekk høyra om nokon i London som hadde lese Bibelen nonstop. No har me her på Fogn gjort dette tre gonger, så det er vel ikkje feil å sei at dette har blitt ein tradisjon.

- Ja, for det er ikkje slutt med denne gongen?

- Nei, me satsar på ein ny omgang om sju år igjen, seier Unni Østhus, som oppmodar andre kyrkjelydar til å gjera det same.