Helgøy i Hjelmeland får snart bru.

Det vil bli ein heilt ny kvardag for det vesle øysamfunnet. Folk vil kunna bu på Helgøy og lett pendla til byen gjennom Ryfast.,

Helgøy-eksempelet viser at det er mulig å få gjennomslag, bare ein jobbar iherdig nok. Det bør vera ein inspirasjon for andre, til dømes for arbeidet med Øyfast.

Vegen for Øyfast ser i øyeblikket ikkje heilt enkel ut. Øyfast vaklar vidare, skreiv Øyposten i nettutgåva etter at kommunestyret i Stavanger bad ordføraren om å «øve påtrykk» overfor fylkeskommunen til fordel for prosjektet.

Bakgrunnen for det var stemninga slik ho kom til uttrykk i kommunestyret. Den var reservert, og viss det hadde vore ei avstemning for eller mot prosjektet, hadde det sett mørkt ut. Heldigvis var det ikkje det. Nå er det bare snakk om å få fylkeskommunen til å utgreia om prosjektet har livets rett.

Fylkesvaraordførar Arne Bergsvåg har fleire gonger understreka at Stavanger må visa vilje til å prioritera prosjektet, for at fylket skal gripa fatt i det. Han minner om bruprosjektet mellom fisterøyane, kor fylket la ned mykje arbeid i å planleggja forbindelsen mellom Fogn og Halsnøy. Bare for til slutt å møta veggen. Det vil fylket helst sleppa å oppleva ein gong til.

Sjølv om det er usikkert kva Stavanger vil med Øyfast, bør fylket nå ta ønsket frå Stavanger til følgje og utgreia prosjektet. Det er det ingen tvil om at fleirtalet i den nye kommunen ynskjer dette.

Det viktigaste å få avklart er økonomien i prosjektet. Korleis kan Øyfast finansierast? Viss det ikkje er mulig, har det lite for seg å sjå på konsekvensar for klima eller miljø.

Det vil vera ein fordel om fylket tek raskt tak i Øyfast,  og set finansieringa på dagsorden. Viss det viser seg at det ikkje er mulig å gjennomføra prosjektet slik det ligg føre, må det tenkjast alternative strategiar. For øyane treng betre forbindelse for å kunna halda fram som levande lokalsamfunn. Det er eit faktum som Stavanger må innsjå, sjølv om det ikkje har sunke heilt inn ennå hos alle som har ei hand på rattet i den nye kommunen.

Alternativet til Øyfast er uansett ikkje å slå seg til ro med dagens ferje- og hurtigbåttilbod.