Eline Bø Bleie, Ingrid Michelle Landa og Ingvild Tobiassen har teke seg eit avbrekk i kvardagen for å støtta Ukraina. |Bent Hansen og Tover Sivertsen i Teal: Me vil sjølvsagt vera med å støtta ei god sak.

FINNØY:

I tillegg jobbar alle gratis i dag.,

Det er mange som er kreative i desse dagar og finn alternative måtar å hjelpa krigsoffera på. Utsyn har tydeleg treffe med sin måte, for 60 personar har meldt seg på til lunsj og 140 til middag. Det er ein pris uansett, og alle kan forsyna seg mykje ein vil.

- Det som skjer i Ukraina er så grusomt at eg finn mest ikkje ord. Det er så utruleg primitivt. Ein føler seg så makteslaus, difor er det i alle fall godt å kunne bidra litt. Dessutan er det kjekt å samlast om eit felles måltid, seier leiar i Teal, Tove Sivertsen.

Bent Hansen og Tover Sivertsen i Teal: Me vil sjølvsagt vera med å støtta ei god sak. Foto: FOTO: Oddbjørg Måland

- Eg tykkjer det er raust av Utsyn å gjera dette. Når dei dreg i gang eit slikt positiv tiltak, må me andre stilla opp, klart det, seier Ingvild Tobiassen. Ho kom saman med venninnene sine, Eline Bø Bleie og Ingrid Michelle Landa, som alle har funne seg ektemenn frå Finnøy og flytta hit.

- Nei, me var aldri i tvil om me skulle støtta prosjektet, fortel Eline.

- Korleis har dagen vore så langt?

- Veldig bra, fantastisk at så mange vil eta hjå oss i dag. På andre sida kjennes det litt at feil at eg sitt her og gassar meg med godt mat, samtidig som eit heilt folk kjempar for livet på flukt frå krigen. Men sjølve krigen får ingen diverre gjera noko med, me må bidra der me kan, fortel Sissel Marie Bjerga som tek seg ein kaffikopp før lunsjbuffen skal ryddast bort, og middagen klargjerast.