Delegasjonen som var i møtet i kommunaldepartementet før helga. Ordførar i Kvitsøy Marte Eide Klovning, Birger Hetland,, leiar i kommunedelsutvalet i Finnøy, Stian Giil Bjørsvik, ordførar på Kvitsøy, fungerande ordførar i Stavanger, Dagny Sunnanå Hausken og Jon Olav Runestad, nestleiar i kommunedelsutvalet i Finnøy.

FINNØY:

Delegasjonen frå Stavanger med fungerande ordførar Dagny Sunnanå Hausken i spissen, fekk ikkje gjennomslag på møtet i kommunaldepartementet for endring av arbeidsgjevaravgifta for Finnøy.,

Det opplyser Dagny Sunnanå Hausken til Øyposten. Delegasjonen, som ved sida av Sunnanå Hausken bestod av leiaren og nestleiaren i kommunedelsutvalet, Birger W. Hetland og Jon Olav Runestad,  måtte venda heim igjen med uforretta sak.

Med på møtet var mellom anna statssekretær Kjersti Bjørnstad (sp).

-Det ser ut til å vera veldig vanskeleg å få gjera noko med det vedtaket som er gjort for Finnøy. Departementet ser tydelegvis på Finnøy som ein heilhet. Viss det skulle bli endringar for øyane i Finnøy med båtforbindelse, så ville det bli svært komplisert, slik eg opfatta det. Då ville det vera tallause små soner rundt om i landet dei kanskje måtte vurdera på nytt, seier Sunnanå Hausken.

-Er du skuffa over utfallet?

-Eg er i alle fall ikkje overraska. Me visste på forhånd at dette ville bli vanskeleg å endra, men turen var ikkje forgjeves. Me fekk lagt fram vårt syn på saka, og fekk også ein lovnad at dei skulle vurdera kompenserande tiltak etter endringa av arbeidsgjevaravgifta.

-Kva med argumentet om at halve Ombo har like gunstig ordning som Hjelmeland?

-Det er nå endra slik at heile Ombo er i same sone som resten av Stavanger. Det var ein feil som var gjort at Ombo var delt, blei me fortalt. Om dette blei retta etter brevet frå Stavanger kor dette var eit viktig argument, veit eg ikkje, seier Dagny Sunnanå Hausken.

Ho legg til at ho vil jobba vidare med saka mot storting og regjering, og ha eit spesielt fokus på signala om at det kan koma «kompenserande tiltak».

-Eg er veldig bekymra for næringslivet på øyane i Finnøy som ikkje har fastlandsforbindelse, avsluttar ordføraren.

Også ordførarane på Kvitsøy og Utsira hadde møte om arbeidsgjevaravgifta med departementet same dagen, men heller ikkje dei fekk løfter om endringar nå.