Rennesøy og Finnøy Turlag vil på det sterkaste motsetja seg at nye kraftliner med tilhøyrande master uansett høgde blir bygde på øyane Fogn, Finnøy og Rennesøy.|Utsyn utover kulturlandskapet på Finnøy kor det er føreslått kraftliner, Sevheimsvatnet og fjorden. Her vil ein av de i føreslåtte kraftlinene gå på tvers i utsynet og øydeleggja eit urørd kulturlandskap/beitelandskap og turområde.|Henta frå friluftslivskartlegginga til kommunen. Områda kor alle alternativa til kraftmaster og kraftledningar er plassert er verdsett som særs viktige friluftsområde, A område, dei raude områda i kartet.|: Område rundt Austbøstemmen og den verna gården Førsvoll på Rennesøy til venstre. Her foreslår Lyse å øydelegge urørt beitelandskap ved å byggja kraftliner med svære master på rundt 20 meter høgd.|Flott urørt vinterbeitelandskap på Rennesøy. Her vil Lyse bygge kraftliner og høge master

Av Rune Nedrebø,

RENNESØY-FINNØY: Her kan det enkelt leggjast sjøkabel og i den grad det er naudsamt å leggje kablar på land må dei gravast ned i jorda, heiter det i fråsegna som er sendt til ordføraren i Stavanger og leiarane av kommunedelsutvala.

Rennesøy og Finnøy turlag er eit lokallag av Stavanger turistforening.

Hovudoppgåva vår er å leggja til rette for auka turgåing gjennom å merka og skjøtte turstiane i kulturlandskapet/jordbrukslandskapet i kommunedelane Finnøy og Rennesøy i Stavanger kommune.

,Rennesøy og Finnøy turlag meiner

alle

alternativa til kraftliner på Finnøy og Rennesøy øydelegg kvaliteten til kulturlandskapet som oppleving i seg sjølv og ikkje minst som turområde og friluftslivsområde. Dette er ikkje godt for folkehelsa.,Rennesøy og Finnøy turlag meiner det

vurderast sjøkabel for å dempe alle dei svært negative konsekvensane for friluftslivet, kulturlandskapet og folkehelsa av å ha kraftlinjene i luftspenn på land.,

FINNØY

Utsyn utover kulturlandskapet på Finnøy kor det er føreslått kraftliner, Sevheimsvatnet og fjorden. Her vil ein av de i føreslåtte kraftlinene gå på tvers i utsynet og øydeleggja eit urørd kulturlandskap/beitelandskap og turområde.

Alle tre alternativa til kraftliner på land går gjennom særs viktige friluftsområde.

Det er gjort friviljuge avtalar med bøndene/grunneiagarne om bruk og merking av turstiar i området kor det er føreslått kraftliner. Merkinga og skjøtselen av turstiane blir gjort på dugnad.

På Finnøy er det merka og skilta:

  • Ein tursti frå Kvitevik, langs strandsona og rundt Vigneshalvøya til Nodre Vignes.

  • Ein tursti frå Teigen, over Bergevarden, over Kyrkjeskaret, langs Sevheimsvatnet og rundt Bleivatnet og Ladsteinvatnet ned til Kvitevik.

Alle tre alternativa til kraftliner på land vil øydeleggja opplevingskvalitetane og verdien til denne delen av øya som friluftslivsområde og turområde. Verdien som turområde i eit vakkert, heilskapleg og ope kulturlandskap er avhengig av at det er jordbruksdrift og beitedyr. Det heilskaplege kulturlandskapet vil verta øydelagt av kraftlinene og kraftmastene.  Det er i denne dela av øya det er merka lengre turstiar og rundturar.

Området blir mykje brukt som turområde både av fastbuande i nærområde og av tilreisande frå naboøyane og fastlandet. Sidan turstiane vart merka er det blitt fleire og fleire som er på tur i området og som brukar dei populære turstiane. Bruken aukar år for år. Det gjer at kraftlinene med dei svært negative effektane på opplevingskvalitetane påverkar folkehelsa svært negativt.

Områda er kartlagt og verdsett som svært viktige friluftslivsområde

Stavanger kommune har gjort ei kartlegging og verdisetting av friluftslivsområda i kommunen. Sjå lenken:

https://www.stavanger.kommune.no/kultur-og-fritid/tur-og-natur/friluftslivskartlegging-i-finnoy-kommunedel/#hvorfor-kartlegger-vi-

Henta frå friluftslivskartlegginga til kommunen. Områda kor alle alternativa til kraftmaster og kraftledningar er plassert er verdsett som særs viktige friluftsområde, A område, dei raude områda i kartet.

Rennesøy

Det er gjort ei kartlegging av kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse i Rogaland. Store delar av Rennesøy er definert som eit kulturlandskap av nasjonal interesse. I innleiinga til rapporten heiter det: landskapet har alltid vært i endring, men nå skjer forandringene raskere enn noen gang. Da er det større fare for at viktige landskapsverdier går tapt. Utfordringen er å forvalte landskapet på en måte hvor vi ivaretar viktige verdier samtidig som vi videreutvikler det i et langsiktig perspektiv.

: Område rundt Austbøstemmen og den verna gården Førsvoll på Rennesøy til venstre. Her foreslår Lyse å øydelegge urørt beitelandskap ved å byggja kraftliner med svære master på rundt 20 meter høgd.Det vil ikkje vera å vidareutvikla landskapet på Rennesøy i eit langsiktig perspektiv å ha kraftliner på land. Sjølv om føreslåtte kraftliner på land på Rennesøy verkar å liggja utanføre landskapet av nasjonal interesse, ligg dei tett opp til og slik vil ha ein særs negativ verknad på landskapet.

Turlaget meiner det ikkje må vera kraftliner på land på Rennesøy.

Flott urørt vinterbeitelandskap på Rennesøy. Her vil Lyse bygge kraftliner og høge master

Konklusjon

Rennesøy og Finnøy Turlag vil på det sterkaste motsetja seg at nye kraftliner med tilhøyrande master uansett høgde blir bygde på øyane Fogn, Finnøy og Rennesøy. Her kan det enkelt leggjast sjøkabel og i den grad det er naudsamt å leggje kablar på land må dei gravast ned i jorda.

februar 2022

Kirsti W. Løvik

Leiar

Kopi til:          Ordførar i Stavanger kommune

,Leiar av kommunedelsutvalet i Finnøy, Birger Hetland,Leiar av kommunedelsutvalet i Rennesøy, Terje Øvrebø