-Kan eg gå frå denne hekla gardina? Neppe, seier Dagny Sunnanå Hausken, som er på ein av sine faste rundar i bruktbutikken i Vikevåg.|Gerd Gard i Gjenbruken har plukka fram denne sjarmerande kaffikanna frå hylla, for å visa varaordføraren i Stavanger. -Den er jo koseleg, seier Dagny Sunnanå Hausken.

RENNESØY:

Dagny Sunnanå Hausken (sp), eller bare «Dagny» på folkemunne,  lar eit trent blikk gli over hyller og bord i butikklokalet.,

Ein gong i veka brukar ho å vera innom på skattejakt, ofte med mor si på slep.

Denne gongen stoppar varaordføraren opp attmed eit stativ med hekla dukar og gardiner.

- Tenk på kor mykje arbeid som ligg bak, det er veldig fint. Det spørs om eg kan gå i frå dette utan å ha kjøpt med meg noko, smiler ho lurt.

Gjenbruk er «in»

Dagny Sunnanå Hausken har både sansen for gamle ting og for gjenbruk.

-Gjenbruk er blitt veldig «in» i tida, og det er bra. Det er mykje som me elles ville kasta som kan brukast av andre. Eg har funne mykje her, både til hytta på Gilja og viss det er noko som me manglar eller har gått i stykker heime, seier Sunnanå Hausken til Øyposten.

Siste «kuppet» var ein knallraud DBS trehjuls sykkel til barnebarnet.

-Heldigvis har eg eit dotter som også er interessert i gammalt og fint brukt, og som eg kan kjøpa til, seier Dagny Sunnanå Hausken.

Gerd Gard i Gjenbruken har plukka fram denne sjarmerande kaffikanna frå hylla, for å visa varaordføraren i Stavanger. -Den er jo koseleg, seier Dagny Sunnanå Hausken.

Bruktbutikken i Vikevåg lever litt på lånt tid. Viss planane om eit nytt kommunalt bygg på denne tomta blir realisert, må butikklokalet rivast og butikken finna seg ein annan stad. Dessutan har flytting til Randaberg også vore på tapetet.

Eit trekkplaster

-Men eg håpar at me klarer me å bevara Gjenbruken her, for den er eit trekkplaster for Vikevåg, meiner ho.

Om ho framover får like mykje tid til å stikka innom Gjenbruken, er ho likevel usikker på. For 25. mars overtek Dagny Sunnanå Hausken som ordførar i Stavanger, medan Kari Nessa Nordtun er i barselpermisjon.  Sannsynlegvis blir det fram til hausten ein gong.

Men varaordføraen trøystar seg med at familien må jo ha mat,  og at det dermed må bli ein tur innom Extra’en i Vikevåg, uansett. Og «Gjenbruken» ligg nærast vegg i vegg, så då så.

Grugledar seg

Dagny Sunnanå Hausken er frå Mosterøy og skjøtta i mange år ordførarvervet i Rennesøy i tillegg til å vera saue- og potetbonde. Gardsdrifta har ho nå overlatt til sonen, men ho og mannen bur fortsatt på garden kor ho vaks opp.

Men sjølv om ho har erfaring som ordførar frå Rennesøy med snautt 5000 innbyggjarar, blir det noko heilt anna å overta styringa av Norges fjerde største kommune med 140.000 innbyggjarar.

Varaordføraren innrømmer at ho «grugledar» seg litt til det skal skje, men trøystar seg med at det er mange flinke folk i adminstrasjonen som står klar til å hjelpa til.

-Eg reknar også med at Dag (Mossige red. anm) blir varaordførar, då skal me verkeleg snu opp ned på kommunen, ler den påtroppande ordføraren.

At Senterpartiet skulle koma til å sitja i ordførarstolen i Stavanger, har inntil nå vore ganske fjernt for mange, også for Dagny Sunnanå Hausken.

Men ho trur og håpar at Senterpartiet i posisjon har klart å tilføra det politiske miljøet i Stavanger nokre nye idear.

-Jordvern til dømes. Det er trist den nedbygginga av dyrka jord som har skjedd på Madla og Sunde. Med Finnøy og Rennesøy med på laget har Stavanger dessutan blir ein øy- og distriktskommune,  som også er hjertesaker for vårt parti, seier Dagny Sunnanå Hausken.