Folkehelseinstituttet sender i desse dagar ut årets vaksinar mot influensa og korona til kommunane.

Legekontora i Finnøy og Rennesøy planlegg eigne vaksinedagar i slutten av oktober og begynninga av november.

– Me anbefaler sterkt at alle over 65 år og dei i risikogruppene kjem for å vaksinera seg mot influensa og korona. Dei som ønskjer det kan ta ein vaksine i kvar arm samtidig, skriv legetenestene i Stavanger kommune i eit informasjonsskriv.

Influensavaksinen kostar 350 kroner medan koronavaksinen er gratis, går det fram.

Desse tidene blir sett av til vaksinering:

Finnøy legekontor

  • Måndag 23. oktober klokka 12.30 til 15.30

  • Måndag 30. oktober klokka 12.30 til 15.30

Bestill time via nettet på helsenorge.no eller ring 51714200.

Rennesøy legekontor

  • Torsdag 26. oktober klokka 12.30 til 15.30

  • Onsdag 1. november klokka 12.30 til 15.30

  • Torsdag 2. november klokka 12.30 til 15.30

Bestill time via nettet på helsenorge.no eller ring 51720280.

Folk kan i dette tidsrommet òg få vaksine i samband med vanleg legetime. Dei som ikkje er i risikogruppene eller er under 65 år, kan få vaksinane på apotek.

Ved Finnøy legekontor har fastlege Anita Fjukmoen slutta, men pasientane hennar blir tatt vare på av vikarlege Peter Daniel Kryvi. Ved Rennesøy legekontor er fastlege Trygve Gil Bjordal ute i eitt års permisjon. Vikarlege frå 4. oktober er Børge Schølberg Eiring, opplyser legetenesten.

Les meir om vaksinene hos Folkehelseinstituttet