Sauebonde på Finnøy: Fekk lam alt 4. januar

Årets første lam kom alt 4. januar i fjøset hos Hadle Austbø på Finnøy. Nå hoppar det to livskraftige krabatar rundt den vaktsame mora.

Denne søya til Hadle Austbø lemde alt 4. januar, og fekk to livskraftige lam.
Publisert: Publisert:

FINNØY: -Den same sauen var tidleg også i fjor, men i år lemde han ein månad tidlegare, seier Hadle Austbø til Øyposten.

Nøyaktig kva som har skjedd er ikkje så godt å fastslå. Søya kan ha kome tidleg i brunst, eller det kan ha vore ein vær som har vore på uanmeldt besøk.

Dei to krabatane ser uansett fine ut, der dei hoppar rundt mora i sauegaren på Harås.

Sauebonden frå Finnøy var budd på at det kunne bli tidleg lemming. For då han tok ultralyd på sauene, blei det oppdaga at søya hadde laga seg til med jur med mjølk i.

-Det blir nok lemming her øyeblikk, vare beskjeden. Det var 3. januar, og alt dagen etter lemde søya.

Sauebonden frå Finnøy har 70 sauer, og ultralyd har avslørt at 11 av dei har fire eller fem lam.

Mange med fire eller fem lam

Vanlegvis begynner lemminga hos Austbø i slutten av mars, når det er vår i lufta. Tidleg lemming er ikkje ideelt, men når det bare er ein sau går det bra. Dessutan er søya ein hardfør kryssing av dorper og villsau.

Hadle Austbø har kring 70 vinterfora sauer, og utralyden avslørte at heile 11 av dei har fire eller fem lam.

-Det beste er sjølvsagt to lam, men er det gode mjølkesauer kan dei klara fleire. Men fem lam er i meste laget. Det kan bli mange kopplam, og mykje arbeid og komplikasjonar med så store kull. Mellom anna kan lamma slåss om mjølk frå mora si, og bita seg fast i spenen med den fylgjen at det kan bli jurbetennelse, seier Hadle Austbø.

Kopplam er lam som av ulike grunnar ikkje får mjølk av mora si, og kopplam er lite rekningssvarande for ein sauebonde.

-Men eit liv er eit liv, og det sit i ryggmargen at me må prøva å berga så mange som mulig, seier han.

Sau med mange navn: Grimete, gromete, grillete/grilla, grevlete, grevling fjes, imete, mørjete, skautete, svinsoks, geitesau, gråtasser og skurken/skurkete.

Kjært barn har mange navn

Han mistenkjer at godt beite i haust er årsaken til at det er så mange søyer med så store kull.

-For eg var nøye med å ikkje gi dei kraftfôr i brunsttida, understrekar Hadle Austbø.

Saueflokken hans består for det meste av ei rase som på engelsk er kalla grevling fjes. Dei har svarte og kvite markeringar i hovudet.

-Eg har avla bevisst på denne typen sau, seier han. Saue-typen har elles mange navn: Grimete, gromete, grillete/grilla, grevlete, grevling fjes, imete, mørjete, skautete, svinsoks, geitesau, gråtasser og skurken/skurkete.

Men, som det ofte er sagt: Navnet skjemmer ingen, for det er flotte sauer sauebonden på Finnøy kan visa fram.