Maren, Marie og Noah gjekk av med sigeren i klassequiz’en på Finnøy

Det blei eit spennande oppgjer mellom dei tre finalelaga på Finnøy skule onsdag, men Maren, Noah og Marie trakk likevel det lengste strået og får finaleplass i Ryfylkequiz’en.

Intens konsentrasjon i vinnarlaget. Noah Østhus fylgjer oppmerksomt med på spørsmåla på lerrete.
Publisert:

FINNØY: -Eg har pugga mykje, seier Noah Østhus frå Fogn. Han røper at han pugga heilt til klokka to om natta før finalen i Kulturstova på Finnøy skule.

Maren Spanne og Marie Reilstad hadde tatt det rolegare, og begynte pugginga dagen før. Dei tre fordelte kommunane mellom seg, som nok var eit smart triks.

–Mor sa at me sikkert kom til å få spørsmål om kor Utstein Kloster ligg, og det visste eg, seier Maren Spanne. Ifølge quiz-meister Tor Øyvind Skeiseid svarar dei fleste Mosterøy, men det er feil. Klosteret ligg på Klosterøy.

Sigeren er klar og det blir feira med ein «high five».
Noah Østhus blir gratulert av klassekameratar etter sigeren.

Etter at sigeren var klar, vanka det både klemmar og gratulasjonar til vinnarlaget. Nå skal dei reisa til Sauda til finalen 25. mai.

-Kva sjansar har de der?

-Me må i alle fall ikkje bli sist. Det kjem an på kor mykje me puggar, seier åttande-klassingane til Øyposten.

Elevane frå Finnøy skule gjorde det faktisk nest best, og fekk 40 av 46 poeng. Bare Tau skule gjorde det betre med 45 av 46 poeng.

Alle tre gledar seg til å reise til Sauda i skuletida til finalen, og sendinga blir direktesendt på Ryfylkepuls.


Maren Spanne får ein solid klem av ei klasseveninne.